Fjellsportkurs – opplev bre og klatring
På eit fjellsportkurs får du klatre i fjellet i tre dagar og gå på breen i to dagar. Dette gjev deg store opplevingar på kort tid. Og fokus er meir på oppleving enn på øving.
På eit fjellsportkurs kombinerer ein klatring på bre og fjell.



Mange av teknikkane og mykje av utstyret er det same på bre og fjell. Eit fjellsportkurs viser desse samanhengane og lærer deltakarane kva som krevst for sikker ferdsle i på bre og i bratt fjell.
Opplevinga står i sentrum på dette kurset, og du får prøve varierte aktivitetar knytt til klatring på is og fjell.
Viss du vil lære brevandring og fjellklatring så grundig at du kan drive med det sjølv bør du velge brekurs og klatrekurs.
Vel veke og meld deg på.
Du vel kor mange plassar du vil ha (opp til talet som er ledig) og legg dei rett i handlekurva.
Det andre seier om kursa våre.
Dag for dag på fjellsportkurs.
Slik ser ei vanleg kursveke ut, frå oppmøte måndag kveld til heimreise søndag.

Oppmøte kl 19
Vi møtest kl 19 og brukar litt tid på å sette opp teltleiren. Den ligg omlag ti minutt frå vegen.
Etterpå blir det samling og ei presentasjonsrunde. Deretter ser vi på utstyr og øver på knutar. Instruktørane vil også fortelle om opplegget og kva vi skal gå gjennom neste dag.

Smørstabbreen
Denne dagen brukar vi på Smørstabbreen. Vi øver oss på innknyting i taulag, gangteknikkar med og utan tau og sikring av taulaget. Deltakarane får sjølve leie taulaget og plassere sikringane.
På slutten av dagen lagar vi ein standplass og klatrar litt på topptau.

Snø og kameratredning
Også denne dagen blir på Smørstabbreen.
No skal vi øve på sikring i overgangen mellom snø og is og gå gjennom eit par kameratredningar på snø.
Om kvelden førebur vi klatredelen av kurset.

Klatrefelt
Denne dagen brukar vi i eit klatrefelt. Vi reiser enten til Tronoberget i Lom eller til Turtagrø.
Vi byrjar med å klatre på topptau for å lære å bruke utstyret og øve klatreteknikk, taulagsrutiner og kommunikasjon. Til slutt er vi innom rappell.

Klatretur i fjellet
Vi planlegg ein klatretur til Saksa via Bjørnebreen (2189 moh) slik at vi får kombinert brevandring og klatring, eller eit turmål i Hurrungane som Store Austabotntind (2204 moh).
Ønske frå deltakarane, samt ver og forhold i fjellet vil avgjere valet.

Topptur eller klatrefelt
Denne dagen kan vi ta ein ny topptur med klatring eller vi kan ta ein dag i klatrefelt.
Viss vi fer i klatrefelt kan vi ta opp tema som plassering av sikringsmidler, bygge standplassar med rapell frå den, eller de kan få prøve å sette sikringar på led, under vegleiing frå instruktør (i eige tau ved sidan av).

Heimreise
Søndagen har eit kort program: Vi pakkar saman og reiser heim.
Jotunheimen.
Første del av kurset er på Smørstabbreen, andre del i klatrefelt og på toppar i Hurrungane eller på Smørstabbtindane.

Smørstabbreen
Første del av kurset foregår på Smørstabbreen. Her vil vi bruke ein dag i isen og ein dag på snødekt bre slik at du får ei innføring i begge deler.

Hurrungane eller Smørstabbtindane
Andre del av kurset begynner med ein dag i klatrefelt, enten ved Turtagrø eller i Lom. Deretter er det to dagar med klatring i Hurrungane eller på Smørstabbtindane.
