Filters Sort results
Reset Apply


BREKURS FOR KLATRARAR
kr 6 000-kr 6 500



BREKURS I JOTUNHEIMEN
kr 6 000-kr 6 700









INSTRUKTØRKURS
kr 5 935-kr 7 500


KLATREKURS I JOTUNHEIMEN
kr 8 500-kr 9 500









VIDAREGÅANDE BREKURS
kr 8 000-kr 9 000


Breinstruktørkurs

 Nasjonalt godkjent breinstruktør og breførar

Viss du likar deg på breen og i fjellet kan du utdanne deg til breinstruktør. Då får du nasjonal godkjenning som instruktør og breførar. Breoppleving treng kvart år nye instruktørar og førarar.

Kan du tenke deg ein betre jobb?

Del 1: Breførarkurs

Det første kurset du må ta er Breførarkurset. Dette kurset tek fem dagar. Kurset vil fokusere på metoder for sikring og redning på bre, i snøbakkar og overgang frå bre til fjell. Det blir også fokus på førarrolla.

Kurset er lagt opp praktisk der ein i får prøve seg i ulike situasjonar. Ein må vise overskot, trygghet i metoder, og vise evne til å formidle. Etter kurset får du tilbakemelding både skriftlig og muntlig, samt melding om du består eller ikkje.

Del 2: Praksis

Viss du skal jobbe som breførar etter kurset så må du ha to dagar praksis før endelig godkjenning som NF Breførar.

Viss du vil gå vidare til å bli NF Breinstruktør må du ha praksis på eit brekurs i ei veke. Denne praksisen kan du ta hos Breoppleving eller hos ein annan arrangør. Vi har kurs heile sommaren så alle som ønsker praksis får det, og utan at det kostar noko.

Praksisen går ut på at du skal være med som instruktørassistent. Du får observere korleis erfarne instruktørar legg opp eit kurs, samt prøve deg litt under rettleiing. Du får også tilbakemelding etter kurset.

Del 3: Breinstruktørkurs

Etter at du har gjennomført praksisen og har øvd på det du fekk tilbakemelding på metodekurset kan du søke opptak på breinstruktørkurset.

Målet med kurset er å lære å halde brekurs. Fokus vil være på korleis ein kan arrangere ulike øvinger slik at det er både trygt og lærerikt. Breinstruktørkurset er også en praktisk eksamen der du må vise nødvendig forståing, evne til å formidle, og egenferdighet.

Til slutt får du ei personleg vurdering, samt bestått eller ikkje bestått. Viss du består er du godkjent som NF Breinstruktør og kan jobbe for oss og alle andre arrangører av brekurs i landet.

Opptakskrav

Opptakskrava er spesifisert i Nasjonal Standard som du finn på www.fjellsportforum.no. I korte trekk må du ha minst ti dagar med sjølvstendig erfaring frå ulike typar breturar etter brekurset.

Sjølvstendig betyr at du har vore med på vegval og sikring og gått først ein del av turen. Ulike typar breturar betyr at du har vore på ulike brear eller brefall, gått i blåis, på snødekt bre (med tau om sommaren), og helst gått opp brefall og andre lange turar.

Normalt må du ha meir enn ti dagar for å kome inn. Du må også ha variert erfaring frå friluftsliv, og det er ei styrke om du også klatrar.

Påmelding

For å delta på våre kurs må du sende søknad om førehandsgodkjenning til Norsk Fjellsportforum. Når dei har godkjent så kan du delta på metodekurs. Du må ha ei ny førehandsgodkjenning for å få være med på veilederkurs. Hugs å være ute i god tid, minst fire veker før kurset startar.

Meld deg gjerne på i vår nettbutikk mens du ventar på førehandsgodkjenning.

Vil du vite meir?
Gå til dokumentsida og sjå detaljert program og utstyrsliste.
Når har vi kurs?
Sjå oversikt på datoar og prisar.
Vil du melde deg på?
Gå til vår nettbutikk.