Viss du abonnerer på vårt nyhetsbrev så får du rabattkode for neste sesong.
TIL NYHETSBREVSidan det er vanskelig å planlegge reiser og ferie med alle skiftande tiltak så har vi innført fri avmelding på alle kurs og turar fram til 16 dagar før kursstart. Du vil få tilbakebetalt heile kursavgifta innan ei veke etter avmelding. Dermed kan du sikre deg plass tidleg utan risiko.
Kva for type brekurs vil du ha?
Ei veke
Tre dagar
Ei veke
Fire dagar
Kvifor bør du velge våre brekurs?

SPENNANDE
Uansett om du har gått på bre før eller ikkje så vil du oppleve isen, sprekkene og formasjonane som storslåtte og spennande. Og fargane – nyanser i blått og kvitt som skifter med veret.

SOSIALT
På eit brekurs møter du andre friluftsfolk og får nye venner med same interessa for fjellet som du har. Sjølv om dagane er fylt med øving og læring, så er det god tid til å bli kjent med kvarandre.

ERFARING
Breoppleving har arrangert brekurs sidan 1994. Både vi og våre instruktørar er godkjende i Norsk Fjellsportforum. Du kan være trygg på at kursa våre held høg kvalitet.