Filters Sort results
Reset Apply
kr 12 000-kr 13 000




kr 7 000-kr 9 500




kr 8 500-kr 10 000




kr 7 500-kr 8 500









kr 12 000-kr 13 000



kr 7 520-kr 8 000






kr 10 500-kr 13 000









kr 9 900-kr 12 500



Samarbeid med Sogn og Fjordane Turlag

Sidan 2002 har Breoppleving og Sogn og Fjordane Turlag (SFT) samarbeidd om alle brekurs og klatrekurs.

Dette er naturleg sidan vi driv i same fylket, og sidan to av grunnleggjarane av Breoppleving har si utdannning frå SFT sitt instruktørkurs på Bødalsseter i 1990.

Som eit ledd i samarbeidet får alle medlemer av SFT kr 300,- i rabatt på brekurs (studentpris). Utvalet av kurs til medlemspris er dermed større enn nokon gong.

Eit viktig mål med samarbeidet er at SFT skal få auka kompetanse innan brevandring. Breoppleving har godkjenning av Norsk Fjellsportforum (NF) til å utdanne instruktørar på bre. SFT har ikkje denne muligheten og manglar difor godkjende instruktørar til å halde kurs.

Aktive medlemer og turleiarar i SFT kan dermed få stønad frå SFT og rabatt hos Breoppleving når dei tek instruktørutdanning på bre. Slik håpar vi å auke kompetansen i dei lokale turlaga.

Viss der er turleiarar i SFT som vil skaffe seg erfaring utan formell kursing er dei velkomne til å være med Breoppleving på føring for å lære av våre førarar.