FRI AVMELDING: Vi har innført fri avmelding på alle kurs og turar fram til 16 dagar før kursstart. Du vil få tilbakebetalt heile kursavgifta uansett grunn for avmeldinga. Dermed kan du sikre deg plass tidleg utan risiko. 

Breoppleving – kurs og føring sidan 1994

Breoppleving tok til med brekurs for studentar sommaren 1994. Brekursa har vi arrangert sidan den tid, både på Smørstabreen og i Bødalen. I 2011 måtte vi slutte med brekurs i Bødalen fordi breen minka, og har no flytta dei kursa til Flatbreen.

I 1995 starta vi opp føring på Briksdalsbreen i samarbeid med Briksdal Breføring, noko vi heldt på med fram til føringa på Briksdalsbreen måtte stenge i 2003 fordi breen minka kraftig.

I 1997 starta vi opp med klatrekurs i Lom og Hurrungane, og desse kursa går framleis kvar sommar. Det året starta vi også opp med Jostedalsbreen på langs på ski, ein svært populær tur som går i mai kvart år.

Vi har også drive med føring i Bødalen, ved Gjendebu og mellom Spiterstulen og Memurubu, i tillegg til føring for private grupper frå Lyngen i nord til Mount Kenya i sør.

Sidan 1997 har Breoppleving vore godkjent i Norsk Fjellsportforum, den høgste godkjenninga i Norge for arrangørar av bre- og klatrekurs. I 2002 fekk vi også godkjenning til å utdanne breinstruktørar.

Dei siste åra har vi arrangert metodekurs bre i Jostedalen i samarbeid med Jostedalen Breførarlag, og veilederkurs bre på Flatbrehytta.

Breoppleving er i dag landets største private arrangør av brekurs med kurs kvar veke heile saommaren. Vi har også mange klatrekurs og turar på langs av Jostedalsbreen. I tillegg held vi ein god del private kurs for grupper og firma.

Breoppleving har adresse på Sandane i Gloppen kommune i Sogn og Fjordane. Vi tilbyr i hovudsak turar og kurs på Jostedalsbreen og i Jotunheimen.