Datoar og prisar 2026

Alle kurs og turar i 2026.

Hentar kurs og ledige plassar …

Klatrar høgt til fjells på klatrekurs i Jotunheimen
Klatrekurs · sidan 1995

Klatrekurs – når ferien heng i ein tynn tråd

Du får utsikt så det held på våre klatrekurs i Jotunheimen. I tillegg lærer du å kome deg opp bratte fjellveggar og du blir kjent med andre som likar å være på tur.

Sidan 1994 med klatrekurs
Erfarne og godkjende klatreinstruktørar
Utgangspunkt i Lom
Klatring i høgfjellet i Jotunheimen
Kursinnhald

Målet med klatrekurset er at du skal lære nok til å klatre i fjellet utan instruktør.

Første del av kurset foregår i Lom der vi øver opp klatreteknikk, sikring og taulagsrutiner.

Andre del av kurset foregår i fjellet, enten i Hurrungane eller i området rundt Galdhøpiggen. Her får du lære skikkelig fjellklatring langs flotte klatreruter.

På slutten av kurset får dei som ønsker det prøve å klatre på led under oppsyn av instruktør.

Normal fysisk form er nok for å klare eit klatrekurs. Dei fleste som deltek har klatra litt inne, men det går også fint å kome utan erfaring frå klatring. Og viss du kan ein del så tilpasser vi kurset slik at du lærer meir.

Ledig plass

Vel veke og meld deg på.

Du vel kor mange plassar du vil ha (opp til talet som er ledig) og legg dei rett i handlekurva.

Hentar ledige plassar …
Tilbakemeldingar

Det andre seier om kursa våre.

Kursprogram

Dag for dag på klatrekurs.

Slik ser ei vanleg kursveke ut, frå oppmøte måndag kveld i Lom til heimreise søndag.

Oppmøte og utstyrsgjennomgang første kveld i Lom
1 Måndag

Oppmøte kl 19 i Lom

Etter presentasjon av kursopplegg, deltakarar og instruktørar tek undervisninga til. Vi presenterer utstyret vi kjem til å bruke, lærer bruksområder og øver på knutar. Vi kjem til å ta ein teoretisk gjennomgang på kva belastningar kroppen vår og utstyret kan bli utsett for ved fall og ser dette i samanheng med rett bruk av utstyret.

Topptauklatring på øvingsfeltet ved Tronoberget
2 Tysdag

Øvingsfeltet ved Tronoberget

Heile dagen vil vi vere på øvingsfeltet ved Tronoberget i Lom. Vi byrjar med å klatre på topptau for å lære å bruke utstyret, øve bevegelsesteknikk og sikringsteknikk. Vi skal og øve på rappell.

Teorien i dag blir om graderingssystemet og om kommunikasjon mellom klatrarar.

Plassering av sikringsmidlar og bygging av standplass
3 Onsdag

Sikringar og standplass

Denne dagen blir vi også på Tronoberget. Idag skal vi lære om plassering av sikringsmidler, bygge standplassar, klatre ruter på ei taulengde, øve på taulagsrutiner, standplassrutiner og kommunikasjon i taulag.

Teorien i dag blir om turplanlegging og alpine farer. På ettermiddagen kan det hende vi forflytter vi oss til Smørstabbtindane eller Turtagrø og etablere teltleir der. Viss veret er usikkert så blir vi på campingen resten av kurset.

Fjellklatring opp mot toppane i Jotunheimen
4 Torsdag

Opp i fjellet

Vi skal opp i fjellet og klatre. Dei mest aktuelle turane er Dyrhaugsryggen og Store Dyrhaugtind (2147 m), Vesle Galdhøpiggen (2369 moh) og Skeia (2118 moh). Sidan ver og føre avgjer ruteval så kan det på enkelte kurs bli aktuelt med ein annan topp.

Teorien i dag blir om klatrehistorie og klatreetikk.

Øving på kameratredning og sikringar på led
5 Fredag

Klippe og kameratredning

Denne dagen brukar vi på klippe. Vi skal øve på enkle teknikkar for kameratredning. Deltakarane får også prøve å sette sikringar på led, under vegleiing frå instruktør.

Teorien i dag blir om den organiserte redningstenesta og om relevant førstehjelp ved klatreulykker.

Klatring i høgfjellet på siste hele kursdag
6 Laurdag

Tilbake i høgfjellet

No skal vi klatre i høgfjellet igjen. Store Dyrhaugsryggen (2147 m) frå bandet, Skeia (2118 moh) eller Vesle Galdhøpiggen (2369 moh), eller ein annan topp i Jotunheimen.

Kursstadar

To delar — Lom og høgfjellet.

Første del av kurset er i Lom, andre del til fjells i Jotunheimen rundt Galdhøpiggen, Smørstabbtindane eller i Hurrungane.

Klatring på klatrefeltet Tronoberget i Lom
◆ Lom

Lom

Første del av kurset foregår på Lom. Her bur vi på camping med tilgang til dusj og opphaldsrom. Lom er ei lite bygd med god mat, ikkje minst er Bakeriet i Lom fantastisk bra. Det er også to gode sporstbutikkar og to matbutikkar der. Klatrefeltet heiter Tronoberget og ligg rett over elva. Lom er også ein av dei tørraste stadane i landet.

Fjellklatring på høge toppar rundt Galdhøpiggen
◆ Jotunheimen

Jotunheimen og Galdhøpiggen

Andre del av kurset foregår enten i Jotunheimen, enden nær Galdhøpiggen, ved Smørstabbtindane eller i Hurringane. I området rundt Galdhøpiggen er det også flotte ruter høgt til fjells, slik som Vesle Galdhøpiggen (2369 moh). Smørstabbtindane har Skeia (2118 moh) som er ei av dei flottaste rutene i Jotunheimen. I Hurrungane går vi ofte Dyrhaugsryggen (Store Dyrhaugstind er høgast med 2147 moh) ein av dagane.

Førebuing

Vil du førebu deg til klatrekurset?

Viss du vil førebu deg til kurset så er ei innføringsbok i klatring ein god ressurs. I tillegg ligg Norsk Fjellsportforum sitt metodesett for klatring og brevandring på nett. Til slutt så har Norges Klatreforbund ein god klatreskole, men den krev abonnement. Sjå lenker under.