Filters Sort results
Reset Apply


















kr 7 300-kr 7 500













kr 8 500-kr 9 000


Filters Sort results
Reset Apply


Filters Sort results
Reset Apply








Brekurs – ei veke med is under beina

Vi har arrangert brekurs sidan 1994. Dette er vårt mest populære kurs og går kvar veke heile sommaren, frå måndag kveld til søndag morgon.

Kursinnhald

Målet med brekurset er å gjere deg trygg på breen. For å oppnå dette øver vi vegval, sikring, redning, orientering, snøbakketeknikk og klatring. Kvar instruktør har ansvaret for tre til fem deltakarar, så du er sikra god oppfølging i løpet av kursveka.

Første delen av kurset foregår på is. Det er gjerne isen som er den mest spennande delen av breen, og vi øver på gangteknikkar, sikringsteknikkar og redning.

Andre delen av kurset foregår på snø. Sjølv om snøen ser trygg ut så er det her dei største utfordringane er. Du får lære å leite etter og vurdere snøbruer, sikre med snøanker og gå i bratte snøbakkar på ein trygg måte.

Til slutt er det ein dag der deltakarane får prøve seg meir på eiga hand, samt litt klatring for dei som vil.

Normal fysisk form er nok for å klare eit brekurs. Enkelte dagar vil være lange, andre korte. Uansett får du tid til å hente deg inn med god mat og sosial hygge på kveldane.

Kursstadar

Jotunheimen

Kursa i Jotunheimen foregår på Smørstabbreen. Det er vest i Jotunheimen like ved Sognefjellshytta. Her ligg vi i telt heile veka omlag ti minutt frå parkeringsplassen. Du bur i eige telt, men vi har ein lavvo med ovn som vi brukar som opphaldsrom om kvelden viss veret er dårleg. Breen ligg ein god halvtime frå leiren og har alle utfordringar ein treng på eit brekurs. Rundt oss har vi høge fjell og naturlege turmål er Kalven (2034 m) og Storebjørn (2223 m). Vi har halde brekurs her kvar sommar sidan 1995.

Jostedalen

Kursa i Jostedalen held til innerst i Jostedalen, der vi har tilgang til Nigardsbreen, Fåbergstøsbreen og Tuftebreen. Alle tre er brefall som går ned på austsida av Jostedalsbreen. Vi bur på Jostedal Camping som har eit godt serviceanlegg og ligg like ved butikk og hotell. Viss du ikkje ønsker å ligge i telt kan du bestille hytte på campingplassen eller rom på Jostedal Hotell.

Du får det same kurset begge stadane. Dette er unike og svært gode stader for brekurs, samtidig som dei er forskjellige. På Smørstabbreen får du oppleve Jotunheimen med dei mektigaste fjella i landet. I Jostedalen får du oppleve kor stor, vill og allsidig Jostedalsbreen faktisk er.

Temaliste

Følgande vert gjennomført på breen (praksis) :

• Gange i lett og vanskelig is, utan tau
• Vandring i lett og vanskelig is, med tau
• Sikringsteknikk i taulag
• Vurdering av snøbruer
• Redning i is (Lose Rolle + demonstrasjon av talje)
• Redning i snø
• Snøbakketeknikk
• Orientering på bre (kombinert med ein topptur )
• Klatring og rapell

Følgande vert gjennomgått om kvelden (teori)

• Brelære
• Redningsteknikkar
• Orientering
• Utstyr
• Alpine farer
• Førstehjelp i fjellet
• Knutar

Vil du vite meir?
Gå til dokumentsida og sjå detaljert program og utstyrsliste.
Når har vi kurs?
Sjå oversikt på datoar og prisar.
Vil du melde deg på?
Gå til vår nettbutikk.
Breføring og brekurs i Noreg har ei lang og rik historie som strekkjer seg tilbake til 1820-åra, då organisert breføring først vart etablert på Jostedalsbreen. Breførarar leia turistar og reisande over breane, og dette la grunnlaget for ein tradisjon som seinare utvikla seg til meir formelle kurs. I 1890 vart patentførerordninga innført, inspirert av liknande system i Alpane. Denne ordninga regulerte kvalifiserte førarar som kunne leie turistar trygt over brear og i fjell. Patentførarane var oftast bønder som budde nær breane, og som førte på ei spesifikk rute over breen til ein fast pris. Patentførarane vart det første steget i standardisering av brevandring, og det første kurset for patentførarar vart halde på Bødalsseter i 1935.
Seinare vart Bregruppa i Den Norske Turistforening (DNT) etablert i 1962 for å fremje bre- og fjellsport. Bregruppa spelte ei sentral rolle i å utvikle brevandringa i Noreg og organisere ei rekke kurs og turar. Dei utvikla også Breboka, som stadig har kome i nye utgåver.
I 1988 vart Norsk Fjellsportforum (NF) stifta. I dag er DNT, Norges Klatreforbund og profesjonelle arrangørar med, og NF arbeider for å standardisere utdanninga av instruktørar innan klatring, bre og skred.
Dagens brekurs i Noreg er utforma for å gi deltakarane dei nødvendige ferdigheitene til å ferdast trygt på brear, både med og utan førar. Kursa er tilpassa ulike nivå, frå nybegynnarar som ønsker grunnleggande kunnskap, til vidarekomne som ønsker å lære seg meir avanserte teknikkar. Dei grunnleggande kursa gir opplæring i å gå på isbre med stegjern og isøks, samt korleis ein sikrar seg med tau og sele. Deltakarane lærer også å bruke taljesystem for å redde personar frå bresprekker og får opplæring i orientering med kart, kompass og GPS. Kursa legg stor vekt på å lære deltakarane å vurdere farer som bresprekker, ras og ustabil is, og dei inkluderer også miljøforståing for å fremje respekt for naturen og breen.
Breoppleving har fem ulike typar kurs. Det mest populære er det ordinære brekurset på ei veke. Du treng ingen forkunnskap for å være med, og du lærer alt du treng for å gå på isbre utan førar. Brekurs for klatrarar er i prinsippet det same som dei ordinære brekursa, men dei er ein dag kortare fordi folk som klatrar ofte kan ein god del om bruk av tau og seler og dermed kan gå fortare fram i starten av kurset. Vi har også mini–brekurs som er kortare brekurs der det er meir fokus på oppleving enn læring. For dei som har tatt eit av dei grunnleggande brekursa, har vi også vidaregåande brekurs. Her lærer du meir avanserte teknikkar for redning, sikring, og klatring, og vi går lengre turar i breen der vegval er sentralt. Til slutt har vi også utdanninga av breførarar og breinstruktørar i samsvar med Norsk Fjellsportforum sine standardar, slik at du blir nasjonalt godkjent.
Det er særleg fire områder som er og har vore mykje brukt til brekurs:
Jotunheimen: Dei fleste brekursa held til på Smørstabbreen ved Sognefjellet, og mest i brefallet Bøverbreen. Her er det kort å gå til breen, få høgdemeter og dermed lett tilgjengelig. Det er også gode områder med blåis, sprekker, og overgang til snø og snøsprekker. Området er også godt egna for fjellsportaktiviteter der ein krysser ein bre for å kome på ein topp. Andre stader som er godt egna for brekurs i Jotunheimen er Spiterstulen (Eventyrisen) og Storebreen (Leirvassdalen).
Jostedalsbreen: I dag er det beste området innerst i Jostedalen, med utgangspunkt i Gjerde i Jostedalen. Her kan ein bruke ulike brefall på Jostedalsbreen. Nigardsbreen har kanskje den finaste blåisen, Fåbergstølsbreen gjev lett tilgang til snøsprekker og er ein isbre ein kan gå heilt opp på eit brekurs. Tuftebreen er også ein utmerket kursbre. Så utvalget i Jostedalen er det beste av alle. Samtidig vil nokre av dagane måtte bli lengre og med meir høgdemeter sidan vi bur lavt nede og enkelte dagar må kome oss opp mot platået. Eit anna godt område på Jostedalsbreen er Flatbreen. Her kan ein bu på Flatbrehytta, like ved breen, og har eit unikt utgangspunkt for brekurs. Tidlegare var det også mykje kurs på Bødalsseter på vestsida av breen, men sidan 2008 har breen vore for kort og bratt til brekurs. Også Briksdalsbreen og Haugabreen var gode kursbrear for ca 20 år sidan.
Folgefonna: Det har vore ein lang tradisjon for kurs med utgangspunkt i Fonnabu, som ligg i kanten av breplatået på Folgefonna. Det har også vore holdt kurs i blåisen, der skisenteret held til, og tidlegare også enkelte kurs med utangspunkt i Buerbreen.
Svartisen: I nord er Svartisen den mest brukte breen for brekurs. Dei fleste kursa her har utgangspunkt i DnT-hytta Tåkeheimen, eller ‘institutt for uhensiktsmessig vær’. Denne hytta ligg strålande til, men er prega av været som ofte er rundt alle brear. Det har også vore holdt kurs i sør, ved Austerdalsbreen.
I tillegg til dette har det vore kurs mange andre plassar, som andre brear i Jotunheimen, på Ålfotbreen, i Lyngen og fleire andre stader.

Kursprogram

MÅNDAG

Oppmøte er kl 19.

På kursa på Smørstabbreen brukar litt tid på å sette opp telt. Leiren ligg ti minutt gange frå parkeringa ved Fantesteinen. Deretter er det presentasjonsrunde, utdeling og prøving av utstyr, og øving på dei første knutane. Vi har utsikt til breen som ligg ein god halvtime frå leiren.

På kursa i Jostedalen møtes vi på camøingen, tek ei presentasjonsrunde, deler ut uttyr og øver på dei første knutane. 

TYSDAG

Dagen begynner med at vi øver oss på å gå med stegjern slik at ein går trygt på flat, skrå og bratt is, både med og utan isøks. Vi lærer også å bruke isskrue, hogge trinn og hoppe over små sprekker.

Etter lunsj knyter vi oss inn i taulag og går ein tur i blåisen. Allereie no skal ein av deltakarane gå først i taulaget. I løpet av kurset skal alle gå først fleire gongar for å øve sikring og vegval.

På kvelden gjennomgår vi teori om redning og førebur oss til redning i blåis dagen etterpå

ONSDAG

Første del av dagen går med til redning i blåis. Vi øver særleg på nøkkelposisjonane: nummer ein som er i sprekka, nummer to som sikrer, sistemann som styrer redninga. I løpet av onsdag og torsdag skal alle ha prøvd alle nøkkelposisjonane. Og under redning vil instruktøren ha eige sikringstau slik at det går trygt føre seg.

Etter lunsj er det ut på tur i isen igjen for å øve vegval og sikring, men no i litt vanskelegare is og med fokus på aktiv bruk av taulaget for å unngå å sette for mange skruer.

TORSDAG

Denne dagen begynner på redning i snø. Det er dette som er realistisk redningsøving, der ein særleg må passe på å være sikra heile tida. Difor brukar vi ofte meir tid på redning på snø enn på blåis.

På slutten av dagen vil vi gå ein tur i overgangen mellom snø og is og øve vegval og sikring. Sidan det kan være sprekker skjult under snøen er dette ofte det vanskelegaste området på ein isbre. Det er alltid spennande å sjekke om snøbruene er trygge eller ikkje.

På kvelden blir det planlegging av tur neste dag og litt om orientering.

FREDAG

Dette er turdagen, der vi skal gå opp eit brefall og over eit platå til ein topp. På vegen skal vi øve orientering og snøbakketeknikk. Når vi øver snøbakketeknikk så øver vi på å gå trygt i bratt snø ved hjelp av isøksa, samt å klare å bremse opp viss vi sklir.

Under kursa på Smørstabbreen går ofte turen til Kalven (2034 m), og av og til til Storebjørn (2223 m). Når vi er på Flatbrehytta brukar vi å gå til Supphellenipa (1731 m), eit kjent utsiktspunkt på Jostedalsbreen. 

Dette er kursets lengste dag og vi er ofte ikkje tilbake før litt ut på kvelden.

LAURDAG

Første del av dagen går med til klatring, rapell, og andre ting som deltakarane har lyst til å prøve. Av og til demonstrerer vi også meir avanserte redningsmetoder.

Etter lunsj bruker vi å sende taulaga ut på tur utan instruktør. Det er god øving å måtte avgjere vegval og sikring på eiga hand. Sjølvsagt følger instruktørane med på kva som skjer, på litt avstand.

Kvelden brukar vi til evaluering og sosialt samvær.

SØNDAG

Søndagen har eit kort program: Vi pakkar saman og reiser heim.

Eller kanskje du vil rett på bretur? I så fall kan du få låne breutstyr med oss.