Datoar og prisar 2026

Alle kurs og turar i 2026.

Hentar kurs og ledige plassar …

Brekurs for klatrarar på bre i Jotunheimen
Brekurs for klatrarar · sidan 1994

Brekurs for klatrarar

Viss du er aktiv klatrar så kan du mykje om tau, utstyr og sikring. Då kan du ta brekurs for klatrarar. Innhaldet er det same som på brekurs, men blir også tilpassa behova til klatrarar.

Kurs og føring sidan 1994
Tilpassa klatrarar
Jotunheimen og Jostedalsbreen 
5 dagar
Kursinnhald

Målet med brekurs for klatrarar er å gjere deg trygg på breen.

For å oppnå dette øver vi vegval, sikring, redning, orientering, snøbakketeknikk og klatring. Kvar instruktør har ansvaret for tre til fem deltakarar, så du er sikra god oppfølging i løpet av kursveka.

Første delen av kurset foregår på is. Det er gjerne isen som er den mest spennande delen av breen, og vi øver på gangteknikkar, sikringsteknikkar og redning.

Andre delen av kurset foregår på snø. Sjølv om snøen ser trygg ut så er det her dei største utfordringane er. Du får lære å leite etter og vurdere snøbruer, sikre med snøanker og gå i bratte snøbakkar på ein trygg måte.

Du må drive aktivt med klatring for å ta dette kurset. Elles er normal fysisk form nok. Enkelte dagar vil være lange, andre korte. Uansett får du tid til å hente deg inn med god mat og sosial hygge på kveldane.

Ledig plass

Vel veke og meld deg på.

Du vel kor mange plassar du vil ha (opp til talet som er ledig) og legg dei rett i handlekurva.

Hentar ledige plassar …
Tilbakemeldingar

Det andre seier om kursa våre.

Kursprogram

Dag for dag på brekurs for klatrarar.

Slik ser kursveka ut, frå oppmøte onsdag kveld til evaluering søndag.

Oppmøte og knutar første kveld på brekurs for klatrarar
1 Onsdag

Oppmøte kl 19

Vi møtast kl 1900. Etter presentasjon av kursopplegget og instruktørane, tek undervisninga til. Vi tilpassar utstyr og repeterer knutar.

Gangteknikk og vegval i blåisen
2 Torsdag

Blåisen

Denne dagen brukar vi i blåisen. Vi skal øve gangteknikkar med og utan tau, innknyting og vegval.

Allereie denne dagen får deltakarane sjølv leie taulaget. Om kvelden vert det teori om redningsteknikkar på is og snø.

Redning i blåis og på snø
3 Fredag

Redning

Første del av dagen går med til redning i blåis. Etter lunsj blir det redning på snø. Alle skal delta på dei viktigaste plassane i taulaget.

Om kvelden tek vi for oss teori om orientering på bre, snøbakketeknikk og alpine farer.

Turdag med kryssing av bre fram mot eit fjell
4 Laurdag

Turdag

Dette er turdagen. Målet for turen blir bestemt av kursleiar ut frå ver og forhold. Eit viktig mål er å planlegge og gjennomføre kryssing av ein bre fram mot eit fjell.

På vegen kjem vi til å trene på orientering på bre og snøbakketeknikk. Om kvelden blir det teori om vegval og sikring.

Blåis, overgang mellom is og snø og litt topptauklatring
5 Søndag

Is og snø

Denne dagen skal vi øve oss på å gå i blåis og særleg overgangen mellom is og snø. Det er viktig at alle får prøvd seg først i taulaget.

Det blir litt klatring på topptau på slutten av dagen. Kurset vert avslutta med evaluering seinast kl 20.

Kursstadar

Jotunheimen og Jostedalsbreen.

Du får det same kurset begge stadane. Begge er gode stader for brekurs, samtidig som dei er ulike.

Brekurs på Smørstabbreen i Jotunheimen
◆ Jotunheimen

Smørstabbreen

Smørstabbreen er vest i Jotunheimen. Her ligg vi i telt heile veka omlag ti minutt frå parkeringsplassen. Du bur i eige telt, men vi har ein lavvo med ovn som vi brukar som opphaldsrom om kvelden viss veret er dårleg.

Breen ligg ein god halvtime frå leiren og har alle utfordringar ein treng på eit brekurs. Rundt oss har vi høge fjell og naturlege turmål er Kalven (2034 m) og Storebjørn (2223 m). Vi har halde brekurs her kvar sommar sidan 1995. På Smørstabbreen får du oppleve Jotunheimen med dei mektigaste fjella i landet.

Flatbrehytta heilt sør på Jostedalsbreen
◆ Jostedalsbreen

Jostedalsbreen

Basen er Gjerde i Jostedalen der vi held til på ein campingplass med dusj, toalett og kjøkken. I løpet av kurset får du oppleve både Nigardsbreen og Fåbergstøsbreen, og av og til Tuftebreen.

Jostedalen er eit godt utgangspunkt for brekurs. Her får ein kjenne på kor stor og variert Jostedalsbreen er.