Ditt kurs.
Din gjeng.
Din dato.
Vi kan lage eit kurs for deg og di gruppe. Vel fritt blant alle våre kurs, vel ein dato og send bestillinga. Vil du ha ei anna lengde eller eit anna innhald, skriv du det i kommentarfeltet.
Vel ein av desse tre måtane
Same kva de vel, får de ein godkjend instruktør som tilpassar kurset eller turen til gruppa.
Vel eit av kursa våre
Plukk eit ferdig kurs frå katalogen, vel ein dato som passar gruppa, og send bestillinga. Har vi ledig instruktør, går kurset.
Tilpass eit kurs
Ta utgangspunkt i eit kurs eller ein tur og juster innhald og lengde — lenger, kortare eller med eit anna fokus.
Bygg din eigen tur
Set saman ditt eige kurs eller di eiga oppleving frå botnen — for vennegjengen, firmaet eller laget. Skriv ønskja i kommentarfeltet.
Vel blant alle kursa våre
Kvart kurs kan bestillast som Fjellsaum eller Bresaum — for di gruppe, på din dato. Prisane er per person og varierer med lengde og kursstad.
Brekurs i Jotunheimen
Brekurs i Jostedalen
Josten på langs
Brekurs for klatrarar
Klatrekurs i Jotunheimen
Alpinkurs i Jotunheimen
Fjellsportkurs i Jotunheimen
Minibrekurs
Vidaregåande brekurs
Frå idé til kurs i fire steg
Vel kurs & dato
Plukk eit kurs og ein ønskt oppstartsdato — eller skriss opp din eigen tur.
Send bestillinga
Legg inn ønskje om lengde og innhald i kommentarfeltet, og send.
Vi sjekkar instruktør
Har vi ledige instruktørar, går kurset. Viss ikkje, tek vi kontakt med forslag til justering av dato.
Ut på tur
De møter ein erfaren, godkjend instruktør og får turen tilpassa gruppa.
For klatrekurs, fjellsportkurs, alpinkurs, brekurs for klatrarar, minibrekurs og vidaregåande brekurs treng vi minst to som melder seg på (eller ein person som betaler for to).
For brekurs og josten på langs treng vi minst tre påmelde (eller to som betaler for tre).
