Filters Sort results
Reset Apply
kr 7 300-kr 7 500


MINIBREKURS

Ei rask innføring i brevandring

4 dagar

jotunheimen

isbre

MINIBREKURS

Minibrekurs er for deg som ønsker ein rask veg til trygg brevandring. Og sjølv om kursa er korte byr dei på store opplevingar.

Vi har to typar, minibrekurs is og minibrekurs snø.

Minibrekurs is foregår i blåisen og du lærer å gå trygt på isen, gode vegval, sikring, redning og klatring.

Minibrekurs snø handlar om å kunne manøvrere trygt i områder med is og snø, vurdere snøbruer, sikre i snø, redning og orientering.

Minibrekurs is+snø tilsvarar eit ordinært brekurs.

  • Minibrekurs is – 4 dagar

  • Minibrekurs snø – 4 dagar

  • Jotunheimen

  • Jostedalsbreen

  • Gratis lån av breutstyr
  • Overnatting i telt (Jotunheimen)

  • Overnatting i telt/hytte/hotell (Jostedalsbreen)

  • Godkjente instruktører
  • Godkjent arrangør
  • Brekurs sidan 1994

Minibrekurs is

  • 4 dagar i blåisen
  • Vegval og sikring
  • Klatring og redning

Oppmøte er kl 19 og vi brukar litt tid på å sette opp telt. Deretter er det presentasjonsrunde, utdeling og tilpassing av utstyr, og øving på dei første knutane.

Dagen begynner med at vi øver oss på å gå med stegjern slik at ein går trygt på flat, skrå og bratt is, både med og utan isøks. Vi lærer også å bruke isskrue, hogge trinn og hoppe over små sprekker.

Etter lunsj knyter vi oss inn i taulag og går ein tur i blåisen. Allereie no skal ein av deltakarane gå først i taulaget. I løpet av kurset skal alle gå først fleire gongar for å øve sikring og vegval.

På kvelden gjennomgår vi teori om redning og førebur oss til redning i blåis dagen etterpå.

Første del av dagen går med til redning i blåis. Vi øver særleg på nøkkelposisjonane: nummer ein som er i sprekka, nummer to som sikrer, sistemann som styrer redninga. I løpet av onsdag og torsdag skal alle ha prøvd alle nøkkelposisjonane. Og under redning vil instruktøren ha eige sikringstau slik at det går trygt føre seg.

Etter lunsj er det ut på tur i isen igjen for å øve vegval og sikring, men no i litt vanskelegare is og med fokus på aktiv bruk av taulaget for å unngå å sette for mange skruer.

Første del av dagen går med til klatring, rapell, og andre ting som deltakarane har lyst til å prøve. Av og til demonstrerer vi også meir avanserte redningsmetoder.

Etter lunsj går vi tur i litt vanskeleg blåis og øver på sikring og vegval.

Når vi kjem tilbake til leiren er det ei kort oppsummering og evaluering før vi reiser heim.

Minibrekurs snø

  • 4 dagar på is og snø
  • Snøbruer og sikring
  • Bratt snø og redning

Oppmøte er kl 19 og vi brukar litt tid på å sette opp telt. Deretter er det presentasjonsrunde, utdeling og tilpassing av utstyr, og øving på knutar og innbinding.

Første delen av dagen brukar vi på å lære oss gangteknikkar og øve med isøks og stegjern. Vi lærer også å sette snøanker denne dagen.

Resten av dagen vil vi gå rundt på breen og øve på sikring og vegval. Deltakarane får prøve å gå først kvar sin gong. Vi kjem til å bruke mest tid i overgangen mellom is og snø der vi også må sjekke styrken på snøbruer.

Tilbake i leiren brukar vi ei stund på å planlegge turen neste dag, med innføring i bruk av kart og kompass.

Dette er turdagen, der vi skal gå opp eit brefall og over eit platå til ein topp. På vegen skal vi øve orientering og snøbakketeknikk. Når vi øver snøbakketeknikk så øver vi på å gå trygt i bratt snø ved hjelp av isøksa, samt å klare å bremse opp viss vi sklir.

Under kursa på Smørstabbreen går ofte turen til Kalven (2034 m), og av og til til Storebjørn (2223 m). Når vi er på Flatbrehytta brukar vi å gå til Supphellenipa (1731 m), eit kjent utsiktspunkt på Jostedalsbreen.

Dette er kursets lengste dag og vi er ofte ikkje tilbake før litt ut på kvelden.

Denne dagen begynner på redning i snø. Det er dette som er realistisk redningsøving, der ein særleg må passe på å være sikra heile tida. Difor brukar vi mesteparten av dagen på redning.

På slutten av dagen vil vi gå ein tur i overgangen mellom snø og is og øve vegval og sikring.

Når vi kjem tilbake til leiren blir det ei kort runde med oppsummering og evaluering før vi pakkar saman og reiser heim.

Jotunheimen

I Jotunheimen held vi kursa våre på Smørstabbreen, som ligg vest i Jotunheimen. Her ligg vi i telt heile veka omlag ti minutts gange frå parkeringsplassen. Du bur i eige telt, men vi har ein lavvo med ovn som vi brukar som opphaldsrom om kvelden når vi treng det. Breen ligg omlag 45 minutt frå leiren og har alle utfordringar ein treng på eit brekurs. Rundt oss har vi høge fjell og naturlege turmål er Kalven (2034 m) og Storebjørn (2223 m). Vi har halde brekurs her kvar sommar sidan 1995.

 

 

Jostedalsbreen

Kursa på Jostedalsbreen tek utgangspunkt i Gjerde heilt innerst i Jostedalen. Her bur vi i telt på Jostedal Camping, og du kan oppgradere til hytte eller hotell om du ønsker det. Det er ein dagligvarebutikk like ved campingplassen, og du kan kjøpe middag på hotellet om du ønsker det. I Jostedalen brukar vi Nigardsbreen til dagane med blåis og Fåbergstølsbreen når vi skal lære om snø og snøbruer. Det tek omlag ein time å gå til begge brefalla.

Mat

Mat for veka tek du med sjølv. Frokost et vi i leiren, mens det vanlegvis blir to lunsjar på breen. Brødmat er greitt på tur samen med noko varmt på termosen. Middag pleier vi å starte med rett etter vi kjem att frå breen. Mat som treng å oppbevarast kaldt kan kan leggast vasstette poser som ein kan legge under steinar i vatnet. Hugs å legge alle steinane tilbake på plass etter bruk slik at vi ikkje set spor i naturen. Ein del mat vil halde seg betre dersom det vert steikt på førehand. Elles brukar mange frysetørka mat til middag. Havregraut er også god frokost som held seg godt.

Personleg utstyr

  • Vindtett jakke og bukse
  • Regnklede
  • Solide fjellsko og gamasjar
  • Ullundertøy
  • Varm genser e.l.
  • Lue og vottar (gjerne eit eller to par hanskar i tillegg)
  • Solbriller som dekker godt og solkrem med høg faktor
  • Dagstursekk, anbefalast minst 40 l.
  • Kart (skriv ut frå dokumentsida)
  • Kartmappe og kompass
  • Drikkeflaske og termos (viss du vil ha varm drikke på breen)

Telt og overnatting

  • Telt
  • Kokeutstyr, tallerken, bestikk, kopp
  • Sovepose og liggeunderlag
  • Dopapir
  • Stol (om du vil ha det behageleg i leiren)

Fjellsko

Mange spør om kva type fjellsko ein skal ha med. Det grunnleggande er at dei må nå over ankelen. På breen er sko med stiv såle best, mens det ikkje er så godt å gå på sti med stive såler. Våre stegjern passar alle fjellsko og treng ikkje å ha feste for step-in over hælen. Viss du er usikker på om fjellskoa du har er gode nok så send oss ein epost eller ring og spør.

Regnkle

Breis er om sommaren både våt og skitten. Det er difor lurt å bruke vanntette kle, slik som goretex. Men breskit kan vore vanskeleg å fjerne frå kleda. Tenk deg difor om før du tek med den nyaste og finaste buksa og jakka.

Glamping

Overnatting i telt treng ikkje være ubehageleg. Våre kursleirer er enten på ein campingplass eller så nær vegen at du kan ta eit par turar ekstra. Det er lurt å ta med ei ekstra god madrass, pute og stol. Du kan til og med ta med dyne om du ikkje likar sovepose. Og husk, ikkje pump til madrassa er hard, då søv du dårleg. Sjølv om det ikkje heilt er glamping, så vil litt ekstra komfort ha stor effekt på trivselen.

OGD_5540
OGD_5542
OGD_5441
OGD_2986
IMG_5486-1
OGD_9775
IMG_5253-1
OGD_7978
OGD_6219
OGD_6181
OGD_5434
OGD_3226
OGD_5304
OGD_5266
previous arrow
next arrow
OGD_5540
OGD_5542
OGD_5441
OGD_2986
IMG_5486-1
OGD_9775
IMG_5253-1
OGD_7978
OGD_6219
OGD_6181
OGD_5434
OGD_3226
OGD_5304
OGD_5266
previous arrow
next arrow