FRI AVMELDING FRAM TIL 14 DAGAR FØR KURSSTART. Det betyr at du kan bestille og sikre deg plass og samtidig være trygg på at du får tilbake pengane viss du ombestemmer deg, blir sjuk, myndighetene seier at vi ikkje får reise på ferie, eller vi må avlyse kurset. Og vi tek ikkje gebyr, du får heile summen tilbake.

TILRETTELETTING AV KURS. Vi vil tilpasse alle våre kurs etter gjeldande regler. Våre brekurs og klatrekurs i Jotunheimen foregår utandørs med overnatting i telt, og i små grupper. Desse kan gjennomførast etter dagens regelverk. Brekursa på Fatbrehytta kan gjennomførast i mindre grupper, fordelt på to hytter og telt om nødvendig.

Ta kontakt på tlf 5787 0500 eller post@bre.no om du har spørsmål.

DNB DELER UT GÅVEKORT. Du kan få eit gåvekort på kr 1000,- ved å gå inn på DNB NESTE SOMMER og bruke det til å få rabatt på alle våre kurs.

GÅVEKORTET VARER I 24 TIMER. Etter at du har skaffa deg kode så sender du den på epost til post@bre.no og bestiller det kurset du ønsker hos oss. Vi trekk gåvekortet frå fakturaen. Husk at kvar person berre får eitt gåvekort, og at det må brukast innan 24 timar. Send difor gåvekort-koden til oss umiddelbart.

Breoppleving – godkjent av Norsk Fjellsportforum

Ein garanti for høg kvalitet

Breoppleving har sidan 1997 vore godkjent arrangør i NF. Det betyr at vi følgjer eit godkjent kursopplegg og at våre instruktørar og kursleiarar er utdanna og godkjende i NF.

Sidan sesongen 2002 har Breoppleving vore godkjent på høgaste nivå slik at vi også kan utdanne breinstruktørar.

I tråd med NF sin formålsparagraf legg vi vekt på naturvenleg og sikker ferdsel i naturen.

Norsk Fjellsportforum (NF) har gitt ut og vedlikeheld ‘Nasjonal standard’ for kursarrangørar, instruktørar og førarar i fjellsport.

Gjennom standarden og godkjenninga av arrangørar arbeider NF for å auke tryggleiken og kompetansen innan fjellsport i Noreg.

Du kan få vite meir om NF sitt arbeid ved å gå inn på nettsida www.fjellsportforum.no.