Kor er våre kurs og turar?
Variert villmark på vestlandet

Smørstabbreen
Her ligg vi i telt ved eit lite vatn ikkje langt frå Fantesteinen. Frå teltplassen har vi utsikt til Fannaråken, Hurrungane og Smørstabbtindane. Dei som vil kan oppgradere til overnatting med full pensjon på Sognefjellshytta.
Det tek omlag ti minutt å gå frå Sognefjellsvegen til teltplassen. Vi ligg i høgfjellet med dei fordelar og ulemper det bringer med seg: Fineveiret er finare og styggeveiret tøffare enn i lavlandet. Og så har vi eige bade-vatn for dei ekstra fine dagane.
Til brefallet Bøverbreen, det største brefallet på Smørstabbreen, tek det omlag 30 minutt frå teltplassen. Denne breen er svært godt egna for kurs sidan det er kort ved å gå til det meste.
Rundt Smørstabbreen ligg det 2000-meters-toppar på rad og rekke. Vi vil nok gå på Storebjørn eller Kalven på toppturen.
Flatbrehytta
Ei flottare hytte for brekurs finn ein ikkje. Flatbrehytta ligg høgt og fritt med utsikt over Fjærland. Flabtreen er godt egna for brekurs og ligg så nær at vi kan gå tilbake til hytta for å ete lunsj om vi vil.
Når den første hytta ved Flatbreen var bygd så var det Anders Øygard, også kalt Flatbregubben, som bar materialet opp. Seinare kom ei ny hytte, der vi bur. Standarden er enkel, men hytta har 18 sengeplassar, kjøkken og opphaldsrom.
Det naturlege turmålet frå Flatbrehytta er Supphellenipa der ein verkeleg får sjå kor stor og mangfaldig Jostedalsbreen er.
Turen opp til hytta første kvelden tek 2-3 timar. Det er bratt, det er tungt, men det er verdt det.

Lom og Hurrungane
Lom er ei lita bygd midt i fjella som er kjend for god mat. Særleg vil vi anbefale bakeriet. Lom har også tre matvarebutikkar, to sportsbutikkar og apotek.
Hurrungane ligg vest i Jotunheimen og har toppar som Store Skagastølstind (Storen – 2405 moh), Austabotntind og Ringstind. Det gjer området til det kanskje mest kjende og ettertrakta området i landet for klatring i høgfjellet.
På slutten av klatrekursa vil vi bu like ved Turtagrø og dermed ha eit glimrande utgangspunkt for alle toppane i området.

Jostedalsbreen
Den største breen i landet brukar vi både til Jostedalsbreen på langs på ski og brekursa på Flatbreen. Jostedalsbreen har mange flotte brefall og toppar som Lodalskåpa (2083 m) og Brenibba (2017 m).
Under Josten på langs går vi frå Erdalen i Stryn, heilt i nord, og sørover til Flatbrehytta og Fjærland. På vegen går vi opp det berykta brefallet Småttene, midt mellom Lodalskåpa og Brenibba, og sørover breen forbi kjende toppar som Kjenndalskruna og Supphellenipa. Vi passerer også brefall som Briksdalsbreen, Nigardsbreen og Austerdalsbreen, og kjende punkt som Høgste breakulen, Ramnane, Ståleskardet og Bings gryte. Alle stader har si historie knytta til ferdsel på breen i gamal tid.
Jostedalsbreen er mektig. Men det ser du først når du har kome deg opp på den og ser utsikta og dei enorme viddene.