Datoar og prisar 2026

Alle kurs og turar i 2026.

Hentar kurs og ledige plassar …

Klatring langs Smørstabbtindane på alpinkurs i Jotunheimen
Alpinkurs · sidan 1994

Alpinkurs – for deg som vil lære meir

Alpinkurset er for deg som driv aktivt med klatring og som har lyst til å lære alpin klatring.

På dette kurset brukar vi mest tid i fjellet, men begynner med klatrefelt og isbre.

Kurs og føring sidan 1994
Alpin klatring 
Ei veke
Vidaregåande klatrekurs
Kursinnhald

Målet med kurset er at du skal bli i stand til å klatre lengre ruter i høgfjellet på eiga hand, også ruter med bratt snø og kryssing av bre.

Alpinkurset er tilpassa dei som kan klatring frå før, men ønsker å lære meir om klatring høgt til fjells. Når ein klatrer i fjellet må ein også kunne litt om isbre og snø, så vi begynner med eit par dagar på breen. Etterpå blir det ein dag i klatrefelt før vi reiser til fjells og klatrer ruter på fleire taulengder.

Ledig plass

Vel veke og meld deg på.

Du vel kor mange plassar du vil ha (opp til talet som er ledig) og legg dei rett i handlekurva.

Hentar ledige plassar …
Tilbakemeldingar

Det andre seier om kursa våre.

Kursprogram

Dag for dag på alpinkurs.

Slik ser ei vanleg kursveke ut, frå oppmøte måndag kveld til heimreise søndag.

Oppmøte og teltleir første kveld på alpinkurs
1 Måndag

Oppmøte kl 19

Vi møtest kl 19 og brukar litt tid på å sette opp teltleiren. Den ligg omlag ti minutt frå vegen.

Etterpå blir det samling og ei presentasjonsrunde. Deretter ser vi på utstyr og øver på knutar. Instruktørane vil også fortelle om opplegget og kva vi skal gå gjennom neste dag.

Innknyting og gangteknikk på Smørstabbreen
2 Tysdag

Smørstabbreen

Denne dagen brukar vi på Smørstabbreen. Vi øver oss på innknyting i taulag, gangteknikkar med og utan tau og sikring av taulaget. Deltakarane får sjølve leie taulaget og plassere sikringane.

På slutten av dagen lagar vi ein standplass og klatrar litt på topptau.

Redning og sikring i bratt snø på Smørstabbreen
3 Onsdag

Snø og redning

Også denne dagen vert på Smørstabbreen.

No skal vi øve redning på snø før lunsj og vandring og sikring i bratt snø etter lunsj.

Om kvelden førbur vi klatredelen av kurset og forflytter oss.

Klatreteknikk og rapellering i klatrefelt
4 Torsdag

Klatrefelt

Denne dagen blir i klatrefelt.

Vi øver klatreteknikk, kommunikasjon, standplass og rapellering. I tillegg brukar vi tid på å øve naturlig sikring og taulagsrutiner ved klatring av fleire taulengder.

Klatring av rute på fleire taulengder i fjellet
5 Fredag

Fleire taulengder

Vi klatrer ei rute med fleire taulengder.

Målet er å øve klatring i fjellet og utvikle til smidighet i taulagsrutiner.

Langtur med klatring i fjellet
6 Laurdag

Langtur i fjellet

Denne dagen legg vi ut på langtur.

Vi vil oppsøke ei rute med ulike utfordringar og brukar heile dagen i fjellet. Det er no deltakarane skal få prøvd ut alt ein har øvd på i løpet av veka.

Kursstadar

Jotunheimen.

Basen for kurset er Jotunheimen. Her har vi fleire brear og og ei rekke klatreruter og fjell å velge mellom.

Brevandring på Smørstabbreen i Jotunheimen
◆ Smørstabbreen

Smørstabbreen

Første del av kurset foregår på Smørstabbreen. Her vil vi bruke ein dag i isen og ein dag på snødekt bre slik at du får prøvd begge deler.

Lange klatreruter i Hurrungane og Jostedalen
◆ Hurrungane & Jostedalen

Hurrungane og Jostedalen

Andre del av kurset vil foregå i Hurrungane og i Jostedalen, avhengig av forholda. Begge desse stadane finn vi lange ruter der vi virkelig får øvd på klatring i fjellet.