Jostedalsbreen på langs på ski
Josten på langs er vårens vakraste skitur. Bli med oss langs den originale ruta frå Erdal i Stryn til Fjærland, og opplev tre dagar på Noregs tak.
Heile breen frå nord til sør.



Bli med Breoppleving på langs av Jostedalsbreen. Turen tek tre dagar, vi overnattar i telt, og du får ei oppleving du seint vil gløyme.
Breoppleving går den originale ruta frå Erdalen i Stryn til Fjærland. Det er den same ruta som læraren Ola Bøyasva gjekk i 1798. Han var truleg den første som gjekk heile breen på langs på ski. Først gjekk han frå heimbygda Fjærland til Erdal i Stryn for å besøke slekt. Etterpå gjekk han like godt same ruta tilbake.
Langs denne ruta får du med deg heile Jostedalsbreen frå nord til sør, med alle dei kjende brefalla og toppane. Utsikta strekk seg frå fjordane i vest til Jotunheimen i aust.
Vel tur og meld deg på.
Det andre seier om turane våre.

For vanlege friluftsfolk i god form.
Josten på langs er ein lang skitur med ein god del stigning i starten. Du må rekne med å bli sliten, men sjeldan får ein så mykje igjen for slitet som på denne turen.
For å delta på Josten på langs krevst det litt trening i å gå med tung sekk, og du må ha eige utstyr som ski, skifeller, gode kle, sovepose, telt og kokeutstyr.
Turen er for vanlege friluftsfolk. Sjølv om turen er lang og til tider tung så er det ein tur som folk i normalt god form klarer fint.
Turprogram.

Frå Fjærland til Erdalssetra
Oppmøte er kl 18 i Fjærland. Deretter blir det buss til Erdalen i Stryn, der vi er omtrent kl 20.
Deretter går vi inn til Erdalssetra, noko som tek 1–2 timar. Her skal vi overnatte i telt eller i hytte på støylen.

Erdalen til Ståleskardet
Første dagen går vi frå Erdalen til Ståleskardet ved Lodalskåpa. På vegen går vi opp både Erdalsbreen og det kjende brefallet Småttene ved foten av Lodalskåpa.
Denne dagen er den tyngste, og vi må rekne med 12 timar på ski før vi når leiren. Total stigning er rundt 2000 meter.

Sørover i 1700–1900 meters høgde
Andre dagen går turen sørover breen i ca 1700–1900 meter høgde. Undervegs passerer vi det kjende utsiktspunktet Kjenndalskruna og vi er vi oppom Høgste Breakulen.
Utsikta er særs god og denne dagen er langt lettare enn den første. Strekninga er likevel lang, og vi må rekne med 10 timar før vi når leirstaden ved Ramnane eller Bings gryte.

Bings Gryte og ned til Fjærland
Tredje dagen passerer vi Bings Gryte, ei særprega vindhole der Jostedalsbreen er på sitt smalaste. Viss tida strekk til går vi oppom Supphellenipa.
Deretter går turen mot Flatbrehytta i den sørlige enden av breen. Frå denne hytta går turen bratt ned mot dalen. Denne dagen må vi rekne med å gå i nærare åtte timar før vi når gården til Flatbregubben (Anders Øygard) i Fjærland.
Følg ruta etappe for etappe.
Klikk på punkt og linjer så får du vite meir om kvar etappe og viktige stader langs ruta.
