Generelle vilkår

Bestilling og avbestilling

Bestilling skjer enten via vår nettbutikk eller på telefon. Så snart du har fått tilsendt faktura på epost er bestillinga godkjent og du plikter å betale.

Avbestilling må skje minst 16 dagar før aktiviteten starter. Manglande betaling gjeld ikkje som avbestilling. Ved avbestilling seinare vil ein ikkje få tilbakebetalt noko.

Ved bestilling mindre enn 16 dagar før aktiviteten starter gjeld ein avbestillingsfrist på 24 timar frå bestillingstidspunktet. Ved bestilling mindre enn 24 timar før start er det ingen mulighet for avbestilling.

Forsikring

Breoppleving har ansvarsforsikring for våre aktiviteter. Dette dekker utgifter der Breoppleving sine instruktører eller førarar har skyld i ei skade. Deltakarar bør imidlertid ha egne forsikringer som dekker uhell som ikkje kan klandrast Breoppleving. Særlig anbefaler vi reiseforsikring, men vurder også ulykkesforsikring. Sjekk at det ikkje er unntak for klatring og brevandring.

Betaling og tilbakebetaling

Betaling må skje innan fristen. Ved manglande betaling vil det bli sendt purring.

Ved bestilling kort tid før aktiviteten starter må full betaling være motteke av Breoppleving før aktivitetsstart.

Tilbakebetaling ved avbestilling før fristen skjer innan ei veke.

Kansellering

Breoppleving avlyser nesten aldri kurs og turar. Men ved manglande antall påmeldte kan Breoppleving kansellere aktiviteten. Frist for slik kansellering er 7 dagar før og kunden får tilbakebetalt heile summen.

Ved behov for å bestille reise og overnatting i samband med kurset eller turen må ein kontakte Breoppleving i forkant og få bekreftelse på at kurset eller turen går som planlagt før ein bestiller. Viss avtale er gjort så dekker Breoppleving også desse utgiftene ved avlysing, men viss ei slik avtale ikkje er gjort så dekker Breoppleving ikkje slike utgifter ved avlysing minst 7 dagar før aktivitetsstart.

For Josten på langs gjeld eigne vilkår for kansellering. Dette er ein tur som er sterkt avhengig av været. Vi kan difor kunne avlyse denne turen heilt fram til dagen før turen startar. I så fall vil Breoppleving tilbakebetale heile summen. Deltakar vil imilertid ikkje få dekka andre utgifter til reise og opphald.

I svært sjeldne tilfeller kan ei kansellering kome seinare (Force majeure – brann, naturkatastrofe, etc). I slike tilfeller kan Breoppleving avlyse aktiviteter på kort varsel uten erstatningsplikt.