Bli med på brekurs og klatrekurs.
Vi har halde brekurs, klatrekurs og fjellføring sidan 1994. Instruktørane våre er erfarne og godkjende. Og vi har kurs heile sommaren — på alle nivå.
32 kurs — i Jotunheimen og på Jostedalsbreen.
Vi har kurs for alle nivå. Dei to mest populære er brekurs og klatrekurs i Jotunheimen — og så har vi fjellsportkurs, alpinkurs, brekurs for klatrarar, vidaregåande brekurs, instruktørkurs og Jostedalsbreen på langs.
Brekurs i Jotunheimen
Ei veke på is. Lær å gå på isbre utan førar — knutar, tryggleik og breteknikk frå botnen av.
Klatrekurs i Jotunheimen
Bli med på ekte fjellklatring. Først nokre dagar med øving i Lom, så til topps på dei store tindane.
Fleire kurs og nivå
Heile oversikta for 2026 →Brekurs i Jostedalen
Same som i Jotunheimen — men på mektige Jostedalsbreen med brefalla Nigardsbreen og Fåbergstølsbreen.
Brekurs for klatrarar
Ein dag kortare, men same innhaldet som dei ordinære brekursa våre.
Vidaregåande brekurs
For deg som har tatt brekurs og vil lære meir.
Fjellsportkurs
Vil du oppleve både isbre og klatring, er dette kurset for deg. Vil du lære nok til å klare deg utan førar, bør du ta brekurs eller klatrekurs.
Alpinkurs i Jotunheimen
For deg som har tatt klatrekurs og vil lære meir om alpin klatring, inkludert is og bre.
Breinstruktørkurs
Ta steget vidare og bli breførar og breinstruktør.
Lang erfaring. Godkjende instruktørar. Små grupper.
Sidan 1994
Over 30 år med kurs og føring i Jotunheimen og på Jostedalsbreen. Vi kjenner fjella våre ut og inn.
Godkjende breførarar
Alle kursa blir leia av NF-godkjende instruktørar. Tryggleik først — alltid.
Små grupper
Få deltakarar per førar gjev tett oppfølging, og at du faktisk lærer å meistre det sjølv.
Les kva deltakarane våre seier.
«Vi har gått Josten på langs fleire ganger med Breoppleving. Breførerne deira er svært dyktige og har lang erfaring.»
«Var med på 5-dagers klatrekurs i Jotunheimen. Flink og engasjert instruktør, bra program og godt utstyr. Lærte mye.»
«I took part of the glacier course in Jotunheimen with Ove and Dan, and it was the great experience I was looking for!»
Klar for fjellet i 2026?
Plassane på dei populære kursa fyllest opp tidleg. Finn datoen som passar, og sikra deg plass.
