Alpinkurs – for deg som vil lære meir
Alpinkurset er for deg som driv aktivt med klatring og som har lyst til å lære alpin klatring.
På dette kurset brukar vi mest tid i fjellet, men begynner med klatrefelt og isbre.
Målet med kurset er at du skal bli i stand til å klatre lengre ruter i høgfjellet på eiga hand, også ruter med bratt snø og kryssing av bre.



Alpinkurset er tilpassa dei som kan klatring frå før, men ønsker å lære meir om klatring høgt til fjells. Når ein klatrer i fjellet må ein også kunne litt om isbre og snø, så vi begynner med eit par dagar på breen. Etterpå blir det ein dag i klatrefelt før vi reiser til fjells og klatrer ruter på fleire taulengder.
Vel veke og meld deg på.
Du vel kor mange plassar du vil ha (opp til talet som er ledig) og legg dei rett i handlekurva.
Det andre seier om kursa våre.
Dag for dag på alpinkurs.
Slik ser ei vanleg kursveke ut, frå oppmøte måndag kveld til heimreise søndag.

Oppmøte kl 19
Vi møtest kl 19 og brukar litt tid på å sette opp teltleiren. Den ligg omlag ti minutt frå vegen.
Etterpå blir det samling og ei presentasjonsrunde. Deretter ser vi på utstyr og øver på knutar. Instruktørane vil også fortelle om opplegget og kva vi skal gå gjennom neste dag.

Smørstabbreen
Denne dagen brukar vi på Smørstabbreen. Vi øver oss på innknyting i taulag, gangteknikkar med og utan tau og sikring av taulaget. Deltakarane får sjølve leie taulaget og plassere sikringane.
På slutten av dagen lagar vi ein standplass og klatrar litt på topptau.

Snø og redning
Også denne dagen vert på Smørstabbreen.
No skal vi øve redning på snø før lunsj og vandring og sikring i bratt snø etter lunsj.
Om kvelden førbur vi klatredelen av kurset og forflytter oss.

Klatrefelt
Denne dagen blir i klatrefelt.
Vi øver klatreteknikk, kommunikasjon, standplass og rapellering. I tillegg brukar vi tid på å øve naturlig sikring og taulagsrutiner ved klatring av fleire taulengder.

Fleire taulengder
Vi klatrer ei rute med fleire taulengder.
Målet er å øve klatring i fjellet og utvikle til smidighet i taulagsrutiner.

Langtur i fjellet
Denne dagen legg vi ut på langtur.
Vi vil oppsøke ei rute med ulike utfordringar og brukar heile dagen i fjellet. Det er no deltakarane skal få prøvd ut alt ein har øvd på i løpet av veka.

Heimreise
Søndagen blir det evaluering før vi pakkar saman og reiser heim.
Jotunheimen.
Basen for kurset er Jotunheimen. Her har vi fleire brear og og ei rekke klatreruter og fjell å velge mellom.

Smørstabbreen
Første del av kurset foregår på Smørstabbreen. Her vil vi bruke ein dag i isen og ein dag på snødekt bre slik at du får prøvd begge deler.

Hurrungane og Jostedalen
Andre del av kurset vil foregå i Hurrungane og i Jostedalen, avhengig av forholda. Begge desse stadane finn vi lange ruter der vi virkelig får øvd på klatring i fjellet.
