Klatrekurs 2017-09-06T18:38:13+00:00

Klatrekurs – når ferien heng i ein tynn tråd

Du får utsikt så det held på våre klatrekurs i Jotunheimen. I tillegg lærer du å kome deg opp bratte fjellveggar og du blir kjent med andre som likar å være på tur.

Kursinnhald

Målet med klatrekurset er at du skal lære nok til at du kan begynne å klatre i fjellet utan instruktør etterpå.

Første del av kurset foregår i Lom der vi øver opp klatreteknikk, sikring og taulagsrutiner. 

Andre del av kurset foregår i fjellet, enten i Hurrungane eller i området rundt Galdhøpiggen. Her får du lære skikkelig fjellklatring langs flotte klatreruter. 

På slutten av kurset får dei som ønsker det prøve å klatre på led under oppsyn av instruktør. 

Normal fysisk form er nok for å klare eit klatrekurs. Dei fleste som deltek har klatra litt inne, men det går også fint å kome utan erfaring frå klatring. Og viss du kan ein del så tilpasser vi kurset slik at du lærer meir.

Kursstadar

Lom

Første del av kurset foregår på Lom. Her bur vi på camping med tilgang til dusj og opphaldsrom. Lom er ei lite bygd med god mat, ikkje minst er Bakeriet i Lom fantastisk bra. Det er også to gode sporstbutikkar og to matbutikkar der. Klatrefeltet heiter Tronoberget og ligg rett over elva. Lom er også ein av dei tørraste stadane i landet.

Hurrungane og Galdhøpiggen

Andre del av kurset foregår enten i Hurrungane eller nær Galdhøpiggen. Hurrungane er kjent for Store Skagastølstind (2405 m), også kalt Storen, som er Noregs tredje høgaste fjell. Her er det mykje og variert klatring langs ryggar og toppar, og vi går ofte Dyrhaugsryggen ein av dagane. I området rundt Galdhøpiggen er det også flotte ruter høgt til fjells.

Temaliste

Følgande vert gjennomført i praksis:
  • Topptauklatring i klatrefelt
  • Klatreteknikk
  • Sikringsmiddel
  • Plassering av naturlege sikringar
  • Klatring i høgfjellet på naturlege sikringar
  • Klatring av ruter på minst 3 taulengder
  • Rapell
  • Etablering av standplass
Følgande vert gjennomgått om kvelden
  • Redningsteknikkar på fjell
  • Alpine farer
  • Knutar og taubruk
  • Sikringsteknikk på bre og fjell
  • Utstyr
Vil du vite meir?
Gå til dokumentsida og sjå detaljert program og utstyrsliste.
Når har vi kurs?
Sjå oversikt på datoar og prisar.
Vil du melde deg på?
Gå til vår nettbutikk www.breoppleving.no.

Kursprogram

MÅNDAG

Oppmøte er kl 19 i Lom.

Etter presentasjon av kursopplegg, deltakarar og instruktørar tek undervisninga til. Vi presenterer utstyret vi kjem til å bruke, lærer bruksområder og øver på knutar. Vi kjem til å ta ein teoretisk gjennomgang på kva belastningar kroppen vår og utstyret kan bli utsett for ved fall og ser dette i samanheng med rett bruk av utstyret.

TYSDAG

Heile dagen vil vi vere på øvingsfeltet ved Tronoberget i Lom.

Vi byrjar med å klatre på topptau for å lære å bruke utstyret, øve bevegelsesteknikk og sikringsteknikk. Vi skal og øve på rappell.

Teorien i dag blir om graderingssystemet og om kommunikasjon mellom klatrarar.

ONSDAG

Denne dagen blir vi også på Tronoberget. Idag skal vi lære om plassering av sikringsmidler, bygge standplassar, klatre ruter på ei taulengde, øve på taulagsrutiner, standplassrutiner og kommunikasjon i taulag.

Teorien i dag blir om turplanlegging og alpine farer.

På ettermiddagen vil vi forflytte vi oss til Turtagrø og etablere teltleir der.

Før vi reiser må vi handle inn mat til resten av kurset.

TORSDAG

Vi skal opp i fjellet og klatre. Dei to mest aktuelle turane er Store Austanbotntind (2204 m) eller Dyrhaugsryggen og Store Dyrhaugtind (2147 m) frå bandet.

Sidan ver og føre avgjer ruteval så kan det på enkelte kurs bli aktuelt med ein annan topp.

Teorien i dag blir om klatrehistorie og klatreetikk.

FREDAG

Denne dagen brukar vi på klipper like ved Turtagrø.

Vi skal øve på enkle teknikkar for kameratredning. Deltakarane får også prøve å sette sikringar på led, under vegleiing frå instruktør.

Teorien i dag blir om den organiserte redningstenesta og om relevant førstehjelp ved klatreulykker.

LAURDAG

No skal vi klatre i høgfjellet igjen. Aktuelle turar er Store Austanbotntind (2204 m), Store Dyrhaugsryggen (2147 m) frå bandet, Store Skagastølstind (2405m) eller ein annan topp i området.

Vi er klar over at mange ønsker å gå på Storen, men turmål må avgjerast ut frå veret og deltakarane sine forutsetningar.

SØNDAG

Søndagen har eit kort program: Vi pakkar saman og reiser heim.