Brekurs
Mini-brekurs
Vidaregåande brekurs
Breinstruktørkurs

Klatrekurs
Fjellsportkurs
Isklatrekurs

Josten på langs
Jotunheimens store
Fjellføringsleir

Redningskurs
Skredkurs
Godkjenning

Datoar & Prisar
Påmelding/Informasjon 
Registreringsskjema

Kursstader
Dokumentside

Linkar
Samarbeid med SFT

Firmaturar

Føring i Jotunheimen

Breoppleving - kurs og føring sidan 1994


BREKURS
Ei veke med is under beina

Målet med brekurset er å gjere deg trygg på breen. For å oppnå dette øver vi vegval, sikring, redning, orientering, snøbakketeknikk og klatring. Kvar instruktør har ansvaret for tre til fem deltakarar, så du er sikra god oppfølging i løpet av kursveka.

Første delen av kurset foregår på is. Det er gjerne isen som er den mest spennande delen av breen, og vi øver på gangteknikkar, sikringsteknikkar og redning.

Andre delen av kurset foregår på snø. Sjølv om snøen ser trygg ut så er det her dei største utfordringane er. Du får lære å leite etter og vurdere snøbruer, sikre med snøanker og gå i bratte snøbakkar på ein trygg måte.

Til slutt er det ein dag der deltakarane får prøve seg meir på eiga hand, samt litt klatring for dei som vil.

Normal fysisk form er nok for å klare eit brekurs. Enkelte dagar vil være lange, andre korte. Uansett får du tid til å hente deg inn med god mat og sosial hygge på kveldane.

Vi har brekurs i heile juli og halve august. Eit brekurs varer i ei veke og startar på måndag kveld (datoar og prisar).

I juli går kursa i Bødalen, ein brearm på vestsida av Jostedalsbreen. På Bødalssetra leiger vi eit gamalt fjell-pensjonat og av og til ein del mindre støylshus. Bødalsbreen er godt egna til brekurs fordi det er ein stor og variert brearm. Lodalskåpa er eit flott turmål som vi kan nå frå Bødalsseter.

I august held vi brekursa på Smørstabbreen, den største breen i Jotunheimen. Det første heiter 'brekurs Jotunheimen' fordi vi forflyttar oss meir til andre brear, det andre heiter 'brekurs Smørstabbreen' og ligg dermed i ro heile veka. På desse kursa overnattar vi i telt og har eit stort militærtelt med ovn som opphaldsrom dersom kveldane vert kalde. Smørstabbreen er også ein veldig god stad å halde brekurs.

Følgande vert gjennomført på breen (praksis) :
• Gange i lett og vanskelig is, utan tau
• Vandring i lett og vanskelig is, med tau
• Sikringsteknikk i taulag
• Vurdering av snøbruer
• Redning i is (Lose Rolle + demonstrasjon av talje)
• Redning i snø
• Snøbakketeknikk
• Orientering på bre (kombinert med ein topptur )
• Klatring og rapell

Følgande vert gjennomgått om kvelden (teori)
• Brelære
• Redningsteknikkar
• Orientering
• Utstyr
• Alpine farer
• Førstehjelp i fjellet
• Knutar

dokumentsida finn du detaljert informasjon om kvart enkelt brekurs.

Vi har også ei oversikt over alle datoar og prisar

 
Trykk her og meld deg på brekurs









 

- Postboks 246 - 6821 Sandane - telefon 5787 0500 - mobil 91 72 33 14 -
- mail: post@bre.no -