Dag 5
Barafu Hut - Uhuru Peak (5895 moh)

På dette bildet ser ein store delar av turen vår. Barranco Hut ligger til venstre ved foten av Kibo. Karranga Valley i midten, og Barafu Hut rett under ryggen til høgre.
Dagen, eller rettare sagt natta starta klokka 24. Då vart vi vekt av Mark. Etter ein kjapp frokost kom vi oss av gårde klokka 0100. Det var afrikansk mørke, og vi snubla oss oppover stien. Etter kvart tok kvalmen og diareen overhand. Når det lysna klokka 6 fekk vi sjå soloppgangen over Mawenzi. Då var vi godt over 5000 moh.
På ca. 5500 moh, ved foten av den berømte breen på Kilimanjaro måtte Ove gje seg. Mark såg at eg ikkje ville klare det og beordra meg ned igjen. Runar nådde kraterkanten ca. klokka 9 (5685 moh), og Trond nådde Uhuru Peak (Frihetstoppen) på 5895 moh omtrent klokka 10.
Om kvelden kom vi alle til Horombo Huts, den nest høgaste av hyttene langs hovedruta (Marangu-ruta).
Den sjette dagen gjekk vi ned langs standardruta, forbi Mandara Huts til Marangu og porten til Kilimanjaro nasjonalpark. Utslitte ankom vi Babylon Lodge, det billige og etterlengta hotellet vårt.
[Tilbake til hovudsida | Forrige dag | Om Turen | Safari ]