Dag 4
Karranga Valley - Barafu Hut (4750 moh)

På grunn av den relativt skeive overnattinga kom vi oss tidleg av gårde. Det var fortsatt rim i gras og lyng når vi fortsatte austover mot Barafu Hut. Barafu betyr is, og dermed skjønar ein at ein er komen til ein kald plass. Denne leirplassen er siste stopp for alle dei tre whisky-rutene, og her møtte vi for første gong på turen andre turistar.
Bildet over viser den urettferdige fordelinga. Trond i lett trav med minimal sekk, bæraren bak med maten i ei korg på hovudet. Ryggen til høgre på bildet viser ryggen som vi skulle følge mot toppen frå Barafu Hut.
Med unntak av enkelte områder med gras og lyng gjekk vi no i ein vulkansk ørken. Steinane var porøs lava.
Ved ankomst Barafu Hut kjente vi høgda godt. Det var eit slit å bevege seg rundt i leiren. Likevel imponerte førarane med den sedvanlige 3-rettars middagen. Denne kvelden poppa dei popcorn på bålet og serverte til kveldskosen. Imidlertid så var appetitten laber. Vi var litt kvalme og svimle. Likevel kunne vi ikkje unngå å bli fascinert av utsikta frå denne leirplassen.
Når vi la oss i 8-tida denne kvelden visste vi at det berre vart 4 timar søvn på oss. Ved midnatt skulle vi starte for å rekke toppen og halvveis ned igjen.
Denne kvelden var det også trangt, men spenninga var til å ta og føle på.
[Tilbake til hovudsida | Neste dag | Forrige dag | Safari ]