Dag 3
Barranco Hut - Karranga Valley (4300 moh)

Vi starta frå Barranco Hut i solskin. Medan bærarane sleit med sekkane våre koste vi oss med utsikta og tok bilder. Denne dagen var relativt lett. Vi gjekk no langs Kibo mot aust. Endå var det nesten 2000 meter igjen til toppen. Mot sør såg vi utover skydekket, og berre Kibo, Mawenzi og nabotoppen Mt. Meru (ca 4500 moh) stakk opp over skydekket. Det er ganske pussig å leve fleire dagar over skydekket...
Sjølv om dagsetappa var kort og ganske flat, merka vi no høgda godt. Sjølv små motbakkar gjorde oss andpustne, og det var heilt umulig å bevege seg fort. Kulden kom etter kvart over oss, særlig om ettermiddagen når skodda la seg, og om natta.
I Karranga Valley var det eit klippe-framspring som vi overnatta under. Her var vi i ly for duskregnet som kom om kvelden.
Vi satt i lag med bærarane og førarane rundt bålet til langt på kveld. Det var ein skikkeleg koselig kveld.
Denne natta var ikkje berre teltet trangt. Vi sov også skeivt og på steingrunn...
[Tilbake til hovudsida | Neste dag | Forrige dag | Safari ]