Om turen...

Turen gjekk i august/september 1994, og vart planlagt i løpet av 14 dagar. Vaksiner og flybestilling fekk vi gjort før avreise, turen på Kilimanjaro bestilte vi utan å få svar, og safari ordna vi i Arusha. Vi var tre som reiste : Runar, Trond og Ove.
Etter ankomst Nairobi tok vi ein ekspressbuss sørover mot Tanzania og Kilimanjaro. Om ettermiddagen i Moshi dukka det opp ein mann som spurte etter oss. Det var Athanas Minja, guiden som vi hadde prøvs å bestille med før avreise. Han møtte oss, og køyrte oss til Babylon Lodge i Marangu. Det er eit billig hotell ved foten av fjellet med telefonnummer 5. Så eg trur ikkje det kan bestillast rom frå Norge.

Om kvelden vart vi med nokre innfødte til 'Great Waterfalls'. Det var ein liten foss midt i jungelen. Kosleg tur heilt til det vart mørkt. Då ville Moses og John plutselig ha 50 dollar for å vise oss vegen tilbake til hotellet. Allerede første kvelden rota vi det altså til for oss. Imidlertid skjønte sjefen for hotellet at hans einaste gjester hadde rota det til for seg. Han ante kor vi hadde reist og klarte å finne oss. Etter mykje kjefting ga Moses og John opp og gjekk sin veg. Litt flaks skal ein jo ha...

Neste morgon skulle turen starte. Vel inne i Landroveren køyrte vi rundt i Marangu for å orden småting før avreise. Med Athanas ved rattet mista vi bremsene og havna i ein kollisjon i ein sving. Vi kolliderte med ein møtande pickup, og føraren av pickupen fekk stygge skader i ansiktet. Dermed havna vi tre, Athanas og guiden Mark, samt føraren av den møtande bilen på sjukehus. Sånn rota vi det til for oss for andre dagen på rad, og Runar måtte sy nokre sting i hovudet.
Deretter gjekk det tre dagar før vi starta på ny frisk mot Kilimanjaro, i ny Landrover og med ny sjåfør...
Etter Kilimanjaro var vi på safari. Deretter vendte vi tilbake til Kenya og Nairobi. Einaste hinderet var at vi fekk ei saftig bot på grensa fordi vi såg ut til å kunne betale, og at bussjåføren køyrte som ein gris. Elles må eg vel nevne at det var ein som forsøkte å selge ei avis med overskrifta 'Five cilled in road accident' til oss i bussen. Ingen kjøpte, merkelig nok...

Siste natta budde vi på Hotel Norfolk, eit gamalt og ærverdig hotell i Nairobi. Det er ein rest etter kolonitida, og vi vart behandla som rikfolk. Tre restauranter, badebasseng, park, museum og badstu med massasje var noko av tilbodet der.
[Tilbake til hovudsida | Kilimanjaro | Safari | Linkar]
[Bre-og Fjellsport-kurs | Mount Kenya 2000 | Fotoalbum Brekurs]