Dag 1
Umbwe - Umbwe Cave 2700 moh
Vi starta turen ved ein landsby som heiter Umbwe. Denne landsbyen har og gitt navnet til ruta. Umbwe-ruta er ei av dei tre såkalla whisky-rutene (Dei to andre er Machame og Mbweka). Desse rutene er ein del hardare enn den såkalla Coca-Cola-ruta (Marangu-ruta) som dei aller fleste går. I løpet av turen såg vi nesten ikkje folk, gjekk på smale stiar og overnatta i telt. Vi kom mot fjellet sør frå, og runda det på omlag 4000 meters høgde mot aust.
Etter ein mindre trygg tur med Landrover frå landsbyen Marangu, via innsjekking hos nasjonalpark-forvaltninga og handling i Moshi, kom vi fram til startpunktet. Her måtte vi skrive oss inn i gjesteboka i lag med eigaren av førar-selskapet vårt. Deretter starta turen gjennom jungelen. Fjellet var ikkje synleg. Som vanleg hadde Kilimanjaro skodde rundt seg på dagen.
Det tok 6 timar å gå første etappe. Då nådde vi Umbwe Cave, som var ei lita grotte midt i skogen. Der sov dei 7 bærarane våre, medan vi fekk eit 2-manns-telt å sove i. For tre gutar mellom 1,85 og 1,98 er ikkje det akkurat romsleg. Likevel holdt vi ut, for det var så mange rare lydar i skogen at vi våga ikkje å lufte oss i løpet av natta. Best hadde vel førarane Marko og August det. Dei delte eit 2-manns-telt...
Ved ankomst fekk vi te og kjeks. Vond te og seige kjeks, men tanken var iallfall god. Deretter fekk vi ein tre-retters middag som førarane laga til på bålet. Servert på duk vart dette eit delikat måltid.
Når vi la oss var forventningane store, for neste dag skulle vi få sjå fjellet.....
[Tilbake til hovudsida | Neste dag | Safari ]