Dag 2
Umbwe Cave - Barranco Hut (4000 moh)
I og med at det vart mørkt i 7-tida om kvelden, vart det tidlege kveldar. Dermed vart vi reine a-menneska og stod opp med sola (for å kome ut av det trange teltet). Avgang vart dermed allerede klokka 8 om morgonen.
Denne dagen gjekk vi langs ein smal rygg mot fjellet. Vi såg Kibo, som det største masivet heiter, ganske fort. Kilimanjaro består av tre vulkanar. Den ynsgste og høgaste heiter Kibo, den nest høgaste heiter Mawenzi. Denne dagen vart veldig fin. Enorm utsikt langs ryggen, synet av toppen med den kjente breen og den særprega vegetasjonen var opplevingane vi huskar frå denne dagen.
Mot slutten kom skodda sigande, og det vart kaldt og surt. Vel oppe ved Barranco Hut (meir skur ville no eg seie) var vi over vegetasjonen. Og etter ein ny dose med te og kjeks og tre-retters bålmiddag kom tida for å stable seg inn i teltet.
Krampa tvang meg ut ein tur på natta. Månen skein over Kibo, og utsikta var ubeskriveleg....
[Tilbake til hovudsida | Neste dag | Forrige dag | Safari ]