Safari
To dagar i Lake Manyara og ein dag i Ngorongoro-krateret

Med ein sjåfør, ein kokk og tre studentar frå Norge køyrte Jeepen rundt i nasjonalparkane.
Lake Manyara er eit flott område i Rift-dalen, med masse dyr og skikkelig Afrika-landskap (som bildet over). Her såg vi dyr som elefant, løve, sjiraff, ape, flodhest, sebra mm.
Dagen i Ngorongoro-krateret var likevel flottast. Det er eit rundt krater der alle dyreartane unntatt sjiraff finst. Der er og den parken med flest løver pr. kvadratkilometer. Vi fekk sjå alle mulig dyr her, m.a. masse løver, eit nashorn, ein kjapp gepard, mengder med flamingoar og den stygge marabou-storken (kjent frå melkesjokoladen) i tillegg til alle dei vi hadde sett i Lake Manyara. Her hadde vi også ein lunsj vi vil huske ei stund. To gonger klarte ein falk å snappe skiva ut av handa på Trond når han såg vekk !
Det er på sin plass å advare mot useriøse safari-arrangører. Dei kan stikke av med all bagasjen når du sover. Det såg vi sjølve på ein av camping-plassane. Sjølve brukte vi Paradies Safari som vart dreve av ei tysk dame. Det var meget bra, og dei hadde ein skikkelig god vil (i motsetning til dei fleste andre). Kokken trylla fram fenomelanle middagar frå bålet, og sjåføren visste kor han kunne finne dei mest spennande dyra.