Vidaregåande brekurs 2016-11-09T14:52:54+00:00

Vidaregåande brekurs – for deg som vil lære meir

Vidaregåande brekurs er for deg som vil lære meir. Vi  går vanskelegare is, lærer meir avansert redning og legg ut på tur med overnatting på breen.

Kursinnhald

Målet med vidaregåande brekurs er å lære og oppleve meir. Vi brukar meir avansert metoder for redning og sikring, vi går på ein lenger og meir utfordrande tur og vi oppsøker vanskelegare områder i breen enn på brekurset.

Første halvdel av kurset foregår på is, med fokus på redning, sikring og klatring. Andre halvdel foregår på og her legg vi ut på ein realistisk bretur der vi legg inn sikring, orientering, redning og bratte snøbakkar.

Kurset er fint for deg som likte brekurset og vil lære endå meir. Det er også eit fint steg på vegen mot instruktørutdanning viss du treng å lære meir.

Kursstadar

Smørstabbreen ligg i Jotunheimen. Her ligg vi i telt heile veka omlag ti minutt frå parkeringsplassen. Du bur i eige telt, men vi har ein lavvo med ovn som vi brukar som opphaldsrom om kvelden viss veret er dårleg. Breen ligg ein god halvtime frå leiren og har alle utfordringar ein treng på eit brekurs. Rundt oss har vi høge fjell og naturlege turmål er Kalven (2034 m) og Storebjørn (2223 m). Vi har halde brekurs her kvar sommar sidan 1995.

Flatbrehytta ligg heilt sør på Jostedalsbreen. Det tek 2-3 timar opp til hytta første kvelden, men belønninga er at vi bur fem minutt frå breen. Hytta er enkel, intim og har historie tilbake til patentførarane. Her får du utsikt som set spor. Flatbreen er godt egna til grunnkurs og med eit naturleg turmål i Supphellenipa. Her får ein kjenne på kor stor og variert Jostedalsbreen er.

Du får det same kurset begge stadane. Dette er unike og svært gode stader for brekurs, samtidig som dei er forskjellige. På Smørstabbreen får du oppleve Jotunheimen med dei mektigaste fjella i landet. På Flatbrehytta får du oppleve kor stor, vill og allsidig Jostedalsbreen faktisk er.

Temaliste

Følgande vert gjennomført på breen (praksis) :
  • Redning med bruk av talje
  • Redning av skadd person
  • Sikringsteknikk og vegval, is og snø
  • Standplass og klatremetoden
  • Klatring og rapell
  • Snøbakketeknikk og sikring
  • Tur med overnatting på breen

 

Følgande vert gjennomgått om kvelden (teori)
  • Repetisjon av knutar og utstyrsbruk
  • Standplass og klatremetoden
  • Orientering
  • Redning
  • Brelære
  • Enkel førstehjelp

 

Vil du vite meir?
Gå til dokumentsida og sjå detaljert program og utstyrsliste.
Når har vi kurs?
Sjå oversikt på datoar og prisar.
Vil du melde deg på?
Gå til vår nettbutikk www.breoppleving.no.

Kursprogram

MÅNDAG

På kursa på Smørstabbreen møter vi opp kl 19 og brukar litt tid på å sette opp telt. Leiren ligg ti minutt gange frå parkeringa ved Fantesteinen. Deretter er det presentasjonsrunde, utdeling og prøving av utstyr, og øving på dei første knutane. Vi har utsikt til breen som ligg ein god halvtime frå leiren.

På kursa på Flatbrehytta er det oppmøte kl 18. Først er det presentasjonsrunde og fordeling av utstyr, deretter går vi opp til hytta (2-3 timar). Denne bakken er både bratt og tung, men belønninga er å bu på ei hytte med enorm utsikt berre fem minutt frå breen. 

TYSDAG

Første heile dagen står redning med og utan talje på programmet. Vi tek utgangspunkt i metoden du lærte på brekurset og viser korleis denne kan byggast ut og både varierast og tilpassast ulike situasjonar. 

Ei særleg utfordring er det viss personen i sprekka er skadd. Då må ein ofte sende ein person ned for å hjelpe til. Vi ser også på slike utfordringar denne dagen. 

ONSDAG

Andre dagen går vi i vanskeleg is og øver vegval og sikringar. Dette kombinerer vi med å prøve å gå opp eit brefall. Difor må vi finne ein balanse mellom sikring og framdrift.

Taulaget kan brukast aktivt som sikring eller vi kan gå utan tau i periodar. Slike vurderingar er viktige når ein skal kome gjennom eit langt brefall i løpet av ein dag. Turen vår vert ikkje så lang, men problemstillingane er dei same.

TORSDAG

Tredje dagen vert klatring i isen det sentrale temaet. I tillegg til å klatre på topptau vil vi forsøke å finne stader der ein kan klatre på led med standplassar undervegs.

Dette kaller vi klatremetoden. Då er det ein som klatrar først på led, for så å etablere ein standplass og hente opp resten. Dette tek lang tid, men er nyttig å ha prøvd i tilfelle ein kjem opp i ein situasjon der ein må bruke denne metoden. 

FREDAG

Temat er vegal i ukjent terreng denne dagen. Først må vi planlegge turen, både kor vi går inn på breen og kor vi går for å kome oss trygt over platået.

Navigering i sprekkområder på snø er meir krevande enn det ser ut til. Ein må bruke taulaget aktivt og gå på tvers av sprekkene. Dette blir ein viktig del av dagen, i tillegg til orientering.

LAURDAG

Denne dagen skal vi øve redning på snø. Dette gjer vi helst oppe på platået slik at det vert mest muleg realistisk. Dermed er det naturleg å ligge i telt på platået under kurset.

Redning på snø er det mest realistiske. Når ein får eit fall i sprekk på snø er det normalt ikkje muleg å dra personen rett opp igjen, slik at vi må gjennomføre full redning. Dette gjer vi ved å bruke metoden frå brekurset som basis for så å tilpasse og effektivisere. 

SØNDAG

Siste dagen gjennomfører vi ein tur i eit vanskeleg sprekkområde. Slik kan vi øve sikring og taulagsplassering under realistiske forhold. Viss veret er dårleg legg vi meir vekt på orientering på breen.

Vi prøver også å legge inn ein topp som turmål denne dagen. 

På slutten av dagen tek vi ei kort oppsummering og evaluering før vi reiser heim.