|
 KURSSTADANE
VÅRE
Variert villmark på vestlandet
Bødalsbreen i Stryn - Brekurs, Vidaregåande
brekurs og Breinstruktørkurs
Denne plassen er rik på historie. Vi bur på ein freda støyl
som heiter Bødalssetra. Hytta har godt kjøkken-utstyr
men ikkje straum.
Det er bilveg berre 300 meter frå støylen, likevel ligg
støylen godt skjerma i ville omgjevnader. Rett over støylen
kalvar Skålbreen fleire gonger dagleg.
45 minutt treng vi til brearmen Bødalsbreen, antagelig den mest
komplette kursbreen på Jostedalsbreen.
I tillegg har vi Lodalskåpa (2083 moh), Jostedalsbreen si Dronning,
som eit opplagt val til toppturen eine dagen.
Smørstabbreen i Jotunheimen - Brekurs
og Fjellsportkurs
Her ligg vi i telt ved eit lite vatn ikkje langt frå Fantesteinen.
Frå teltplassen har vi utsikt til Fannaråken, Hurrungane
og Smørstabbtindane.
Det er ca. 5 minutt gange frå Sognefjellsvegen til teltplassen.
Vi ligg i høgfjellet med dei fordelar og ulemper det bringer
med seg : Fineveiret er finare og styggeveiret tøffare enn i
lavlandet.
Til brefallet Bøverbreen, det største brefallet på
Smørstabbreen, treng vi ca. 30 minutt frå teltplassen.
Denne breen er svært godt egna for kurs sidan det er kort ved
å gå til det meste.
Rundt Smørstabbreen ligg det 2000-meters-toppar på rad
og rekke. Vi vil nok gå på Storebjørn eller Kalven
på toppturen.
Det er tilgang til dusj og toalett på Sognefjellshytta ved vegen.
Hurrungane - Klatrekurs og Fjellsportkurs
Hurrungane har toppar som Store Skagastølstind (Storen - 2405
moh), Austabotntind og Ringstind. Det gjer området til det kanskje
mest kjende og ettertrakta området i landet for klatring i høgfjellet.
På slutten av klatrekurset (og muligens fjellsportkurset)
vil vi bu like ved Turtagrø og dermed ha eit glimrande utgangspunkt
for alle toppane i området.
Hemsedal - Isklatrekurs og skredkurs
Vi har lagt vinteraktivitetane våre til Hemsedal fordi det er ein snøsikker stad med varierte muligheter. Skredkursa er lette å gjennomføre sidan det er eit godt utbygd skianlegg her. Isklatrekursa har rikeleg med gode fossar å ta av.
På dokumentsida finn du detaljert
informasjon om alle kurs og turar.
Vi har også ei oversikt over alle datoar
og prisar
Trykk her
for å melde deg på
|