Mini-brekurs 2017-09-06T18:37:39+00:00

Minibrekurs – tre dagar på isbreen

Minibrekurs is og minibrekurs snø er til saman eit brekurs. Du kan ta det eine eller begge, du kan ta dei i den rekkefølga du vil, eller bruke minibrekurs som oppfrisking viss det er lenge sidan brekurset.

Kursinnhald

Målet med begge minibrekursa er at du skal få lære nok til å bli trygg på breen. Kvar instruktør har ansvaret for tre til fem deltakarar, så du er sikra god oppfølging i løpet av kursveka.

Normal fysisk form er nok for å klare eit brekurs. Enkelte dagar vil være lange, andre korte. Uansett får du tid til å hente deg inn med god mat og sosial hygge på kveldane.

Minibrekurs is

I løpet av tre dagar lærer vi gangteknikkar ved hjelp av stegjern og isøks, sikring og vegval, redning i blåis og litt klatring og rapell. Undervegs vil du oppleve spanande sprekker, tårn og dei skiftande blåfargane i isen.

Minibrekurs snø

Desse tre dagane handlar om å lære å gå på snødekt bre. Sjølv om det kan høyrest lett ut så er det her dei største utfordringane ligg. Særleg i overgangen mellom snø og is er det viktig å kunne finne og vurdere snøbruer, og klare å gjere gode vegval og sikre. Vi øver også orientering, snøbakketeknikk og redning.

Kursstadar

Smørstabbreen

Smørstabbreen ligg i Jotunheimen. Her ligg vi i telt heile veka omlag ti minutt frå parkeringsplassen. Du bur i eige telt, men vi har ein lavvo med ovn som vi brukar som opphaldsrom om kvelden viss veret er dårleg. Breen ligg ein god halvtime frå leiren og har alle utfordringar ein treng på eit brekurs. Rundt oss har vi høge fjell og naturlege turmål er Kalven (2034 m) og Storebjørn (2223 m). Vi har halde brekurs her kvar sommar sidan 1995.

Flatbrehytta

Flatbrehytta ligg heilt sør på Jostedalsbreen. Det tek 2-3 timar opp til hytta første kvelden, men belønninga er at vi bur fem minutt frå breen. Hytta er enkel, intim og har historie tilbake til patentførarane. Her får du utsikt som set spor. Flatbreen er godt egna til grunnkurs og med eit naturleg turmål i Supphellenipa. Her får ein kjenne på kor stor og variert Jostedalsbreen er.

Du får det same kurset begge stadane. Dette er unike og svært gode stader for brekurs, samtidig som dei er forskjellige. På Smørstabbreen får du oppleve Jotunheimen med dei mektigaste fjella i landet. På Flatbrehytta får du oppleve kor stor, vill og allsidig Jostedalsbreen faktisk er.

Temaliste

Minibrekurs is
  • Gange i lett og vanskelig is, utan tau
  • Vandring i lett og vanskelig is, med tau
  • Sikringsteknikk i taulag, is
  • Redning i is 
  • Klatring og rapell
  • Brelære
  • Alpine farer
  • Knutar
  • Valg og bruk av utstyr
Minibrekurs snø
  • Brelære
  • Redningsteknikkar
  • Orientering
  • Valg og bruk av utstyr
  • Alpine farer
  • Førstehjelp i fjellet
  • Knutar
  • Vurdering av snøbruer
  • Redning i snø
  • Sikringsteknikk i taulag, snø
  • Snøbakketeknikk
  • Orientering på bre (kombinert med ein topptur)
Vil du vite meir?
Gå til dokumentsida og sjå detaljert program og utstyrsliste.
Når har vi kurs?
Sjå oversikt på datoar og prisar.
Vil du melde deg på?
Gå til vår nettbutikk www.breoppleving.no.

Kursprogram minibrekurs is

TORSDAG

På kursa på Smørstabbreen møter vi opp kl 19 og brukar litt tid på å sette opp telt. Leiren ligg ti minutt gange frå parkeringa ved Fantesteinen. Deretter er det presentasjonsrunde, utdeling og prøving av utstyr, og øving på dei første knutane. Vi har utsikt til breen som ligg ein god halvtime frå leiren.

På kursa på Flatbrehytta er det oppmøte kl 18. Først er det presentasjonsrunde og fordeling av utstyr, deretter går vi opp til hytta (2-3 timar). Denne bakken er både bratt og tung, men belønninga er å bu på ei hytte med enorm utsikt berre fem minutt frå breen. 

FREDAG

Dagen begynner med at vi øver oss på å gå med stegjern slik at ein går trygt på flat, skrå og bratt is, både med og utan isøks. Vi lærer også å bruke isskrue, hogge trinn og hoppe over små sprekker.

Etter lunsj knyter vi oss inn i taulag og går ein tur i blåisen. Allereie no skal ein av deltakarane gå først i taulaget. I løpet av kurset skal alle gå først fleire gongar for å øve sikring og vegval.

På kvelden gjennomgår vi teori om redning og førebur oss til redning i blåis dagen etterpå

LAURDAG

Første del av dagen går med til redning i blåis. Vi øver særleg på nøkkelposisjonane: nummer ein som er i sprekka, nummer to som sikrer, sistemann som styrer redninga. I løpet av onsdag og torsdag skal alle ha prøvd alle nøkkelposisjonane. Og under redning vil instruktøren ha eige sikringstau slik at det går trygt føre seg.

Etter lunsj er det ut på tur i isen igjen for å øve vegval og sikring, men no i litt vanskelegare is og med fokus på aktiv bruk av taulaget for å unngå å sette for mange skruer.

SØNDAG

Første del av dagen går med til klatring, rapell, og andre ting som deltakarane har lyst til å prøve. Av og til demonstrerer vi også meir avanserte redningsmetoder.

Etter lunsj går vi tur i litt vanskeleg blåis og øver på sikring og vegval.

Når vi kjem tilbake til leiren er det ei kort oppsummering og evaluering før vi reiser heim.

Kursprogram minibrekurs snø

TORSDAG

På kursa på Smørstabbreen møter vi opp kl 19 og brukar litt tid på å sette opp telt. Leiren ligg ti minutt gange frå parkeringa ved Fantesteinen. Deretter er det presentasjonsrunde, utdeling og prøving av utstyr, og øving på dei første knutane. Vi har utsikt til breen som ligg ein god halvtime frå leiren.

På kursa på Flatbrehytta er det oppmøte kl 18. Først er det presentasjonsrunde og fordeling av utstyr, deretter går vi opp til hytta (2-3 timar). Denne bakken er både bratt og tung, men belønninga er å bu på ei hytte med enorm utsikt berre fem minutt frå breen. 

FREDAG

Første delen av dagen brukar vi på å lære oss grunnleggande gangteknikkar og øve med isøks og stegjern. Vi lærer også å sette snøanker denne dagen.

Resten av dagen vil vi gå rundt i isen og øve på sikring og vegval. Deltakarane får prøve å gå først kvar sin gong. Vi kjem til å bruke mest tid i overgangen mellom is og snø der vi også må sjekke styrken på snøbruer.

Tilbake i leiren brukar vi ei stund på å planlegge turen neste dag, med innføring i bruk av kart og kompass.

LAURDAG

Dette er turdagen, der vi skal gå opp eit brefall og over eit platå til ein topp. På vegen skal vi øve orientering og snøbakketeknikk. Når vi øver snøbakketeknikk så øver vi på å gå trygt i bratt snø ved hjelp av isøksa, samt å klare å bremse opp viss vi sklir.

Under kursa på Smørstabbreen går ofte turen til Kalven (2034 m), og av og til til Storebjørn (2223 m). Når vi er på Flatbrehytta brukar vi å gå til Supphellenipa (1731 m), eit kjent utsiktspunkt på Jostedalsbreen. 

Dette er kursets lengste dag og vi er ofte ikkje tilbake før litt ut på kvelden.

SØNDAG

Denne dagen begynner på redning i snø. Det er dette som er realistisk redningsøving, der ein særleg må passe på å være sikra heile tida. Difor brukar vi mesteparten av dagen på redning.

På slutten av dagen vil vi gå ein tur i overgangen mellom snø og is og øve vegval og sikring.

Når vi kjem tilbake til leiren blir det ei kort runde med oppsummering og evaluering før vi pakkar saman og reiser heim.