Bli med breføraren på ein trygg og opplevingsrik bretur
gjennom det sentrale Jotunheimen.
Spisse tindar og store brear pregar denne delen av Jotunheimen.
Det er lite folk som går i dette området fordi dei fleste
går rundt dei mange breane i Jotunheimen. Men det er jo nettopp
her du finn det som verkeleg er Jotunheimen, god plass og spisse tindar,
snø og is. Og på varme dagar finn vi til og med store reinsdyrflokkar
inne på breen.
Du kan dermed oppleve Besseggen, Galdhøpiggen og ein
bretur gjennom eit av Norges vakraste brelandskap i løpet av
berre tre dagar.
Kvar dag går det tur frå både Spiterstulen
og Memurubu.
Førarane vil møtast i nærleiken av høgaste
punktet. Ein kan dermed følge eine føraren dit og returnere
med den andre viss ein vil ha ein dagstur.
Farten vil bli tilpassa deltakarane. Men når ein skal
gå på tur ein heil dag er det mest effektivt å gå
jevnt og roleg. Førarane kan å ta seg av folk så
du vil ikkje oppleve turen som stressande.Normalt vil turen
ta omlag 9 timar. Viss veret er godt kan vi legge inn ein topptur eller
ta lengre pauser. Undervegs vil føraren fortelle om området
si historie, litt brelære samt lære deg litt om det å
vandre på bre.
Sommaren 2004 kunne ein bli med på turen for første
gong i nyare tid. Rune Olsen var ein av førarne, og her er nokre
av dei bileta han tok : Rune
sitt fotoalbum
Alle deltakarane får skikkeleg bre-utstyr til
turen, frå og med sommaren 2006 også stegjern med 12 taggar
(ikkje lenger ministegjern).
Kjært barn har mange navn, heiter det. Breen vi fører
på har to navn sjølv om det berre er ein bre. I sør
heiter den Vestre Memurubre og i nord heiter den Hellstugubreen.
Velg 'Memurubreen' og 'Hellstugubreen' i menyen til venstre
viss du vil lese meir om turen og sjå bilete frå føringa.
Velg 'Jotunheimens beste' i menyen til venstre viss du vil lese
meir om korleis du kan gjennomføre ein tur til toppen av Galdhøpiggen,
over Memuru- og Hellstugubreen og til slutt Besseggen på berre
tre dagar.