![]() |
![]() |
![]() |
|
FRÅ GJENDEBU FRÅ MEMURUBU Bestilling/Info Pris
& dato (Breføring) |
4 toppar over 2000 m- Alle fire Svartdalspiggane - Svartdalsbreen Svartdalspiggane ligg langs ein rygg sørover frå Gjendebu. Nørdre Svartdalspiggen (2137 moh) er ein populær dagstur, men dei finaste opplevingane ligg lenger bak på ryggen. Vi legg difor opp til ein rundtur som inkluderer ein tur opp Svartdalsbreen. Vi legg difor opp til ein rundtur. Frå Gjendebu går vi innover Svartdalen til breen. Innbundne i tau tek vi oss opp Svartdalsbreen til skaret mellom Langedalstind (2206 moh) og Søre Svartdalspiggen. Søre Svartdalspiggen (2065 moh) er den første toppen vi går på. Oppstigninga frå skaret er lett sjølv om vi går i ei steinur. Vel oppe på ryggen ser vi nordover til Midtre (2065 moh) og Store Svartdalspiggen (2164 moh). Det er lett å ta seg bort til Midtre, men for å nå store må vi runde i fjellsida mot vest. Store Svartdalspiggen er høgdepunktet på turen. Toppen er høg og luftig og utsikta god i alle retningar. Vi ser også rett ned på Svartdalsbreen og spora vi laga på veg opp. Nørdre Svartdalspiggen er neste topp på ryggen, og herifrå går det berre nedover til Gjendebu. Breutstyr er inkludert på denne turen. Fullt breutstyr vil seie stegjern (12 tagger), kroppssele og tau. Biletet i midten øvst viser frå venstre Mesmogtind, Langedalstind, Store og Nørdre Svartdalspiggen. Øvste del av Svartdalsbreen ligg framfor Langedalstind. I høgre marg finn du kart og nokre fleire bilete. Klikk på dei for å forstørre dei.
Trykk her og få tilsendt vår brosjyre på epost eller i posten !
|
|
- BREOPPLEVING
DA - |
- Postboks 246 - 6821 Sandane - telefon 5787 0500 - |
- mail: post@bre.no - |