Oversikt over turane
Kart over toppane
Pris & dato

FRÅ GJENDEBU
Store Knutsholstind
2 tindar og ein isbre
4 toppar over 2000m

Bretur
Slettmarkspiggen

Slettmarkshøe

FRÅ MEMURUBU
Jo-stigen
Blåis-føring
Fottur med klatring
Fisketur
Surtningssui og blåis
Fjellføringsleir

Bestilling/Info

Kort om turen
Memurubreen
Hellstugubreen
Jotunheimens beste

Pris & dato (Breføring)
Førarane
Kart over ruta
Bestilling/Info

Bussruter
Båttider på Gjende

Brekurs og klatrekurs
Firmaturar


Surtningssui

- med tur gjennom blåisen

Surtningssui (2368 moh) er av mange rekna som Jotunheimen sitt finaste utsiktspunkt. Den er høgare enn omgjevnadane og ein ser alle høge toppar i Jotunheimen. Surtningssui er også den 7. høgaste toppen i landet.

Men det er berre å innrømme det. Stien til toppen byr ikkje på spennande utfordringar. Enten går ein halvvegs rundt fjellet, eller så slit ein seg opp ura over Raudhammaren.

No kan du oppleve blåis og store bresprekker i staden. Vår føringstur går opp brefallet i sør og inn på breplatået aust for toppen. Denne breen heiter Surtningssubreen og er ein flott bre som er verdt turen i seg sjølv.

Oppe på breplatået er vi midt mellom mange andre toppar over 2000 meter. Viss du samlar på toppar så kan vi legge turen innom fleire av desse, det avtaler du direkte med føraren.

Frå breen tek vi oss opp ein bratt snøbakke og inn på fjellet like nord for toppen. Når vi er oppe går vi normalt også sør til Sørtoppen (2301 moh) for å sjå på utsikta.

Returen går ned Hestdalen og langs Hesttjønna. Dette er den desidert enklaste returen frå Surtningssui, både kort og med relativt lite ur.

Turen vår tek omlag 8 timar, altså ikkje meir enn ein normal tur til Surtningssui langs stien.

Breutstyr er inkludert på denne turen. Det vil seie stegjern (12 tagger), hjelm, isøks, kroppssele og tau.

Klikk på bileta til høgre for å sjå korleis ei gruppe opplevde turen i august 2005.

 
Trykk her og få tilsendt vår brosjyre på epost eller i posten !
 
 

 

 



 

- Postboks 246 - 6821 Sandane - telefon 5787 0500 -
- mail: post@bre.no -