|

Grøn rute: 2 tindar og ein isbre - vi går frå Gjendebu til skaret mellom Mesmogtind (2264 moh) og Langedalstinden (2206 moh). Artig klyving mot toppen av Mesmogtind. Returen går normalt ned Svartdalsbreen langs den raude ruta til vi er av breen, deretter ut dalen og til Gjendebu same vegen som vi kom opp.
Raud rute: 4 toppar over 2000 m - følgjer grøn rute til vi går inn på Svartdalsbreen. Vi går opp i vestre kant av Svartdalsbreen. Første topp er Søre Svartdalspiggen (2065 moh), så vidare langs ryggen
til Midtre (2065 moh), Store (2164 moh) og Nordre Svartdalspiggen
(2137 moh).
Oransje rute: Store Knutsholstind 2341 moh (normalruta) - følgjer grøn rute til vi er eit sykke inne i Svartdalen,
Blå rute: Store Knutsholstind 2341 moh (Knutseggen) - følgjer grøn rute til vi når Svartdalen, så tek vi mot aust.
Her er fleire utfordringar på vegen, litt klatring og sikring
krevst. Denne turen er for dei som vil ha litt ekstra utfordringar.
Returen går langs normalruta.
Lilla rute: Slettmarksbreen og Slettmarkshøe - enkel rute frå Gjendebu til breen. Viss målet er breføring tek vi ein tur i brefallet og ser på formasjonar og sprekker. Retur same vegen. Dei dagane vi skal til Slettmarkshøe går vi opp breen til skaret mellom Slettmarkshøe og Slettmarkspiggen. Deretter pp ryggen til toppen. På returen er vi også oppom Nordre Slettmarkshøe.
Grå rute: Slettmarkspiggen 2163 moh - viss
forholda er gode så går vi langs den lilla ruta til vi er inne på Slettmarksbreen. Så opp til skaret
vest for Slettmarkstind og langs ryggen til toppen. Både
breen og topp-eggen er utfordrande og spennande. Returen går langs
normalruta (til venstre) via Slettmarkskampen. Når forholda på
breen ikkje er gode så går vi normalruta begge vegar, også
det ein variert og fin tur med litt klyving forbi Slettmarkskampen og
mot toppen av Slettmarkspiggen. Vi er også oppom Slettmarkskampen
(2032 moh).
|