![]() |
![]() |
![]() |
|
FRÅ GJENDEBU FRÅ MEMURUBU Bestilling/Info Pris
& dato (Breføring) |
Slettmarkspiggen - ein spennande topptur Slettmarkspiggen (2163 moh) er ein usedvanlig variert og spennande topptur. På vegen er vi også oppom Slettmarkskampen (2032 moh). Normalruta går innover Veslådalen og opp på Slettmarkskampen. Her ser det ut som ein fjelltopp sperrar vegen vidare, og mange har snudd her fordi dei ikkje kjenner vegen. Vi rundar på sørsida, småklatrar ned og kjem ut på ein rygg som fører oss fram til foten av sjølve Slettmarkspiggen. Opp her er det også litt klyving og luftige punkt, men relativt greit å kome opp. Når forholda er gode så tek vi turen opp Slettmarksbreen i staden for normalvegen. Denne breturen er veldig fin, og siste stykket opp på ryggen mellom Slettmarkspiggen og Slettmarkskampen er litt bratt. Returen går ned normalruta. Viss vi går breen så er breutstyr inkludert i prisen. Til høgre kan du klikke på kartet for å få det forstørra, samt sjå på nokre bilete frå turen.
Trykk her og få tilsendt vår brosjyre på epost eller i posten !
|
|
- BREOPPLEVING
DA -
|
- Postboks 246 - 6821 Sandane - telefon 5787 0500 -
|
- mail: post@bre.no -
|