Oversikt over turane
Kart over toppane
Pris & dato

FRÅ GJENDEBU
Store Knutsholstind
2 tindar og ein isbre
4 toppar over 2000m

Bretur
Slettmarkspiggen

Slettmarkshøe

FRÅ MEMURUBU
Jo-stigen
Blåis-føring
Fottur med klatring
Fisketur
Surtningssui og blåis
Fjellføringsleir

Bestilling/Info

Kort om turen
Memurubreen
Hellstugubreen
Jotunheimens beste

Pris & dato (Breføring)
Førarane
Kart over ruta
Bestilling/Info

Bussruter
Båttider på Gjende

Brekurs og klatrekurs
Firmaturar

Grøn rute: 2 tindar og ein isbre - vi går frå Gjendebu til skaret mellom Mesmogtind (2264 moh) og Langedalstinden (2206 moh). Artig klyving mot toppen av Mesmogtind. Returen går normalt ned Svartdalsbreen langs den raude ruta til vi er av breen, deretter ut dalen og til Gjendebu same vegen som vi kom opp.

Raud rute: 4 toppar over 2000 m - følgjer grøn rute til vi går inn på Svartdalsbreen. Vi går opp i vestre kant av Svartdalsbreen. Første topp er Søre Svartdalspiggen (2065 moh), så vidare langs ryggen til Midtre (2065 moh), Store (2164 moh) og Nordre Svartdalspiggen (2137 moh).

Oransje rute: Store Knutsholstind 2341 moh (normalruta) - følgjer grøn rute til vi er eit sykke inne i Svartdalen,

Blå rute: Store Knutsholstind 2341 moh (Knutseggen) - følgjer grøn rute til vi når Svartdalen, så tek vi mot aust. Her er fleire utfordringar på vegen, litt klatring og sikring krevst. Denne turen er for dei som vil ha litt ekstra utfordringar. Returen går langs normalruta.

Lilla rute: Slettmarksbreen og Slettmarkshøe - enkel rute frå Gjendebu til breen. Viss målet er breføring tek vi ein tur i brefallet og ser på formasjonar og sprekker. Retur same vegen. Dei dagane vi skal til Slettmarkshøe går vi opp breen til skaret mellom Slettmarkshøe og Slettmarkspiggen. Deretter pp ryggen til toppen. På returen er vi også oppom Nordre Slettmarkshøe.

Grå rute: Slettmarkspiggen 2163 moh - viss forholda er gode så går vi langs den lilla ruta til vi er inne på Slettmarksbreen. Så opp til skaret vest for Slettmarkstind og langs ryggen til toppen. Både breen og topp-eggen er utfordrande og spennande. Returen går langs normalruta (til venstre) via Slettmarkskampen. Når forholda på breen ikkje er gode så går vi normalruta begge vegar, også det ein variert og fin tur med litt klyving forbi Slettmarkskampen og mot toppen av Slettmarkspiggen. Vi er også oppom Slettmarkskampen (2032 moh).

 

 



 

- Postboks 246 - 6821 Sandane - telefon 5787 0500 -
- mail: post@bre.no -