![]() |
![]() |
![]() |
|
FRÅ GJENDEBU FRÅ MEMURUBU Bestilling/Info Pris
& dato (Breføring) |
Fjellføring - til høge fjell og spanande brear Frå GjendebuStore Knutsholstind (2341 moh) - sjølve majestenen i Gjendealpane. Ei stund vart den sett på som Noreg sin høgaste fjelltopp fordi den rekk så høgt over alle tindane rundt. Normalruta er middels vanskeleg. Vi går også nordryggen (enkel klatring) for dei som ønsker større utfordringar. 2 tindar og ein isbre - den mest populære turen i 2006. Vi går opp Svartdalsbreen til skaret mellom Mesmogtind (2264 moh) og Langedalstind (2206 moh). Mesmogtind er ein verkeleg flott topp med klyving opp mot toppen, Langedalstind noko enklare. 4 toppar over 2000 meter (Svartdalspiggane) - med ein flott bretur på veg opp. Vi går opp Svartdalsbreen til Søre Svartdalspiggen (2065 moh), så vidare langs ryggen til Midtre (2065 moh), Store (2164 moh) og Nørdre Svartdalspiggen (2137 moh). Slettmarksbreen - ein lett og spanande bretur. Slettmarksbreen er flat og enkel nederst, men lenger oppe er det fine formasjonar og sprekker. Turen tek 6-7 timar og er relativt enkel. Den kan kombinerast med tur til Slettmarkshøe eller Slettmarkspiggen. Slettmarkshøe (2190 moh) - spanande bretur og fin utsikt. Slettmarksbreen er verdt turen åleine. I tillegg går vi opp på ryggen vest for Slettmarkshøe og til toppen. Dette er ein fin rundtur som er relativt enkel. Slettmarkspiggen (2163 moh) - ein usedvanlig artig og variert topptur. Viss forholda på Slettmarksbreen er gode så går vi opp denne og inn på ryggen vest for toppen. Når forholda på breen er vanskelege går vi opp via Slettmarkskampen. Siste stykket mot toppen er luftig, men ikkje utsatt. Fleire stader er det litt klyving. Frå MemurubuLangs Jo-stigen til Besseggen - er ein flott tur utanfor allfarveg. Først går vi eit stykke langs Gjende. Deretter følger vi ei fjellhylle til vi kjem opp midt på Besseggen. Derifrå returnerer føraren langs den vanlege stien til Memurubu, men det er også muleg å gå til Gjendesheim for dei som vil det. Ruta har fått sitt navn etter den velkjende Jo Gjende som var lommekjent i området. Breføring på Surtningssubreen - er ein relativt kort og lett bretur for dei som vil prøve å gå litt på blåis. Vi tek ei lita runde i isen, og avsluttar med klatring for dei som har lyst. Dette er ein flott tur for alle som har lite eller ingen erfaring med isbrear. Fottur med klatring - er ein relativt lett fottur i nærområdet til Memurubu. Det er fleire alternative ruter av varierande lengder, slik at vi kan tilpasse oss ver og deltakarar. Felles for turane er at vi oppsøker ukjende perler, legg opp til enkel klatring for dei som vil, og lagar mat på bål. Dette er ein tur for dei som har lyst å prøve litt klatring og bruke dagen ute. Fisketur på Memurutunga - er ein dagstur der vi går opp på fjellet mot Gjendebu til gode fiskevatn. Vi stiller med fiskeutstyr. Viss vi ikkje får fisk så har vi med reserve-mat. Etter turen returnerer føraren til Memurubu, men dei som vil kan gå vidare til Gjendebu. Surtningssui (2368 moh) over breen - av mange rekna som Jotunheimen sitt finaste utsiktspunkt. Vi går opp brefallet i sør, med blåis og sprekker. Dette er ei heilt anna oppleving enn normalvegen. Viss du samlar på 2000-meterstoppar kan vi gjerne stikke innom fleire andre toppar på vegen. Denne turen må førehansbestillast. Memurutindane - ligg midt i Jotunheimen, men er likevel lite besøkt. Vi kan ta deg med på topptur til både vestre og austre Memurutindane. Turane er lange og krev god form, men du får løn for strevet. Desse turane må førehandsbestillast.
|
![]() |
|
- BREOPPLEVING
DA -
|
- Postboks 246 - 6821 Sandane - telefon 5787 0500 -
|
- mail: post@bre.no -
|