Oversikt over turane
Kart over toppane
Pris & dato

FRÅ GJENDEBU
Store Knutsholstind
2 tindar og ein isbre
4 toppar over 2000m

Bretur
Slettmarkspiggen

Slettmarkshøe

FRÅ MEMURUBU
Jo-stigen
Blåis-føring
Fottur med klatring
Fisketur
Surtningssui og blåis
Fjellføringsleir

Bestilling/Info

Kort om turen
Memurubreen
Hellstugubreen
Jotunheimens beste

Pris & dato (Breføring)
Førarane
Kart over ruta
Bestilling/Info

Bussruter
Båttider på Gjende

Brekurs og klatrekurs
Firmaturar


Sør og vest for Memurutindane

På denne sida får du vite meir om turen frå Memurubu og opp til toppen av breen. Viss du velger 'Hellstugubreen' i menyen til venstre så kan du lese om resten av turen.

Klikk på bileta til høgre og følg turen opp breen -->

Turen tek til frå Memurubu. Fordi elva Muru kan være vanskeleg å krysse vil vi normalt gå over brua med det same og halde venstre side av elva oppover.

Første del av turen går i grønt og frodig landskap oppover Memurudalen. Vi følgjer elva heilt inn til breen, med ei lita pause midtvegs.

Det er fleire stader ein kan kome seg inn på Vestre Memurubreen. Ruta vår følgjer dalen heilt inn til nederste delen av bretunga. Her vil vi oppleve korleis vegetasjonen minkar og nesten forsvinn når vi nærmar oss breen.

Nedste delen av ein bre er ofte mest oppsprukke. Viss det er lite snø vil vi kunne sjå store sprekker i dette området. Føraren er imidlertid trena i både vegval og redning så det skal være trygt.

Når vi går vidare oppover Vestre Memurubre kjem vi inn mellom dei to tinderekkene Memurutindane og Hellstugutindane. Utsikta er også god mot Surtningssui. Snur vi oss mot sør så ser vi alle tindane rundt Gjende, der særleg Store Knutsholstind stikk seg ut.

Viss veret er godt så vert det normalt høve til å bestige ein av Memurutindane. Dei som ikkje vil til topps får nyte utsikta og lunsjen litt lenger. Det er også byte taulag her og gå tilbake til Memurubu. Vi vil likevel anbefale å gå heile turen fordi ein får oppleve eit langt villare brefall på Hellstugubreen.

 

 

- Postboks 246 - 6821 Sandane - telefon 5787 0500 -
- mail: post@bre.no -