![]() |
![]() |
![]() |
|
FRÅ GJENDEBU FRÅ MEMURUBU Bestilling/Info Pris
& dato (Breføring) |
Store Knutsholstind - ein klassisk stortopp Store Knutsholstind (2341 moh) er sjølve majesteten i Gjendealpane. Toppen er spiss og utsikta er usedvanlig god. Dette er ein tur du vil hugse lenge. Vi tilbyr to ulike ruter til toppen. Den eine går langs normalruta, den andre går langs Knutseggen frå nord. Normalruta er middels vanskeleg så lenge ein finn vegen. Men ein skal ikkje gå så langt utanfor ruta før ein møter problem. Stien er bratt, men ikkje utsatt. Denne turen tek omlag 7 timar og krev ikkje sikringsutstyr. Knutseggen er luftigare med dei velkjende Nålene. Desse går vi rundt for så å nå Nørdre Knutsholstind (2137 moh). Vi held fram langs ryggen til Midtre Knutsholstind (2170 moh) som krev litt klyving og sikring. Ryggen opp til Store Knutsholstind (2341 moh) er luftig, men ikkje vanskeleg. Returen går via normalruta. Ruta langs Knutseggen inkluderer sikringsutstyr som hjelm, klatresele og tau. Ein førar kan ikkje ta meir enn 3 personar på denne ruta, noko som fører til ein høgare pris. Men så er det også ein spesielt flott tur. Normalt tek denne turen 10-12 timar. Johannes Heftye var den første som kom til topps på Store Knutsholstind langs sørryggen. I 1875 vart dette rekna som ein stor prestasjon. Biletet øvst i midten viser toppen av Store Knutsholstind. Ved å klikke på bileta til høgre vil du forstørre bileta og kunne studere toppen nærare.
Trykk her og få tilsendt vår brosjyre på epost eller i posten !
|
|
- BREOPPLEVING
DA -
|
- Postboks 246 - 6821 Sandane - telefon 5787 0500 -
|
- mail: post@bre.no -
|