
Eit utsnitt som viser førarruta, samt Galdhøpiggen og
Besseggen.
På tre dagar kan du gå Besseggen, bretur gjennom Hellstugu-
og Memurutindane og bestige Galdhøpiggen.
Dette kartet viser klart kvifor ruta vert kalla snarvegen mellom Besseggen
og Galdhøpiggen.
Samtidig er det mykje meir enn ein snarveg. Førarruta går
gjennom det sentrale Jotunheimen, eit område som til no har vore
for dei som kan gå på bre eller klatre. Her er spisse tindar
og store brear, men samtidig lite folk og nesten ikkje merka stiar.
Difor vil du merke at dette området framleis er like uberørt
som det var på den tida styrarane av Memurubu og Spiterstulen
sjølve tok folk med over breen.
|