Oversikt over turane
Kart over toppane
Pris & dato

FRÅ GJENDEBU
Store Knutsholstind
2 tindar og ein isbre
4 toppar over 2000m

Bretur
Slettmarkspiggen

Slettmarkshøe

FRÅ MEMURUBU
Jo-stigen
Blåis-føring
Fottur med klatring
Fisketur
Surtningssui og blåis
Fjellføringsleir

Bestilling/Info

Kort om turen
Memurubreen
Hellstugubreen
Jotunheimens beste

Pris & dato (Breføring)
Førarane
Kart over ruta
Bestilling/Info

Bussruter
Båttider på Gjende

Brekurs og klatrekurs
Firmaturar

 


Balansere på Besseggen, blåis og tindar over Memuru- og Hellstugubreen og den beste utsikta i landet frå Galdhøpiggen. Alt dette kan du oppleve på ei langhelg.

Viss du kjem frå aust så kan du starte turen på Gjendesheim. På trappa startar turen over Besseggen. Sjølv om det er litt bratt i starten vert du rikeleg belønna på toppen. Du får gå langs eggen og sjå ned i det grøne brevatnet i Gjende på eine sida og det klare blå Bessvatnen på andre sida. Ser du litt lenger fram så er det mengder av tindar i alle retningar.

Du kjem til Memurubu etter 6-7 timar. Her kan du slappe av på hsitorisk grunn. Det var til dømes her dei tre engelskmennene holdt til ein sommar på 1800-talet, noko som endte med den kjende boka 'Tre i Norge ved to av dem'. Ovnen dei bygde ved elveosen står der framleis.

Andre dagen kan du følge føraren vår over over Memuru- og Hellstugubreen til Spiterstulen. Meir om denne turen finn du ved å velge i menyen til venstre. Turen tek 8-9 timar.

Spiterstulen er også ei kjend hytte. Den ligg midt mellom Galdhøpiggen og Glittertind og er også eit glimrande utgangspunkt for andre toppturar.

Tredje dagen kan du gå til topps på Galdhøpiggen. Viss du velger normalruta opp så er det ein relativt lett tur sjølv om det er ein del høgdemeter. Det tek litt lenger tid å bli med føraren frå Spiterstulen over Svellnosbreen (Eventyrisen) til toppen, men det er absolutt verdt det.

På desse tre dagane vil du oppleve det beste av Jotunheimen. Besseggen er mest kjend og veldig spektakulær. Memuru- og Hellstugubreen er uberørt villmark midt i Jotunheimen, med spisse tindar og dyreliv. Galdhøpiggen har rett og slett den beste utsikta i landet.

Variasjonane er også store, frå småskogen langs Gjende og rundt Spiterstulen, til blå brear og spisse tindar.

Du kan sjølvsagt like gjerne gå turen andre vegen.

Dei fleste går turen delar av turen utan førar (der det ikkje er bre), men vi kan også tilby deg å leige ein førar som er med frå heile vegen.

Viss du har bil så er det enkelt å kome seg tilbake til utgangspunktet med buss (sjå i menyen til venstre for rutetider). Eller du kan legge opp ein rundtur, vi hjelper deg gjerne med tips for ein slik tur !


 

- Postboks 246 - 6821 Sandane - telefon 5787 0500 -
- mail: post@bre.no -