![]() |
![]() |
![]() |
|
FRÅ GJENDEBU FRÅ MEMURUBU Bestilling/Info Pris
& dato (Breføring) |
Jo-stigen - ein annan veg til Besseggen
Jo-stigen er ein Jo Gjende sin sti frå Gjende til Besseggen. Denne stien er det ikkje mange som kjenner i dag. Første del av ruta er å følge stien som går langs stranda til Gjende. Frå Gjendesheim tek det omlag 1,5 time til starten av Jo-stigen, frå Memurubu tek det omlag 2 timar. Oppgangen (Jo-stigen) er bratt og umerkt. Å kalle det ein sti er å ta hardt i, ein må vite kor ein skal gå for å finne fram. Nedst er det ein del kratt, men ganske raskt kjem vi inn på ulike hyller som er greie å gå på. Vi må runde ein hammer, krysse ei lita ur og så følgje bratte grasbakkar der vi innimellom ser teikn til ein sti. Undervegs er det mange flotte pauseplassar og unike fotomotiv. Det tek 1-2 timar frå strandkanten til ein er oppe på Besseggen. Det er bratt, luftig og ei stadig bedre utsikt. Men sjølv om det ser uframkomeleg ut nedanfrå så er det relativt enkelt å kome opp. Vel oppe er vi midt på Besseggen, like under det brattaste partiet. Herifrå kan ein gå til Gjendesheim eller Memurubu langs den vanlege ruta. Viss du har gått Besseggen før, eller vil prøve noko som ikkje alle andre gjer, så skal du være med på denne turen. Vi kan love deg ei oppleving utanom det vanlege. Samtidig får du med deg Besseggen slik alle dei som går den vanlege ruta gjer. Til høgre er det bilete du kan klikke på. Dei viser kor Jo-stigen går og korleis det ser ut på Besseggen.
Trykk her og få tilsendt vår brosjyre på epost eller i posten !
|
![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
|
- BREOPPLEVING
DA -
|
- Postboks 246 - 6821 Sandane - telefon 5787 0500 -
|
- mail: post@bre.no -
|