I ein trang dal mellom Memuru- og Hellstugutindane
På denne sida får du vite meir om turen frå
Spiterstulen og opp til toppen av breen. Viss du velger 'Memurubreen'
i menyen til venstre så kan du lese om resten av turen.
Klikk på bileta til høgre og følg turen opp breen
-->
Turen tek til frå Spiterstulen. I starten følger
vi stien mot Leirvassbu og Gjendebu. Etter omlag ein time tek vi av
mot søraust og går opp dalen til Hellstugubreen.
Hellstugubreen er navnet på den nordre delen av breen
mellom Spiterstulen og Memurubu. På biletet øvst i midten
ser du Hellstugtindane frå Hellstugubreen. Hellstugubreen har
sitt lavaste punkt på 1460 moh og høgaste punkt på
2200 moh, den er 3 kvadratkilometer. NVE driv målingar på
Hellstugubreen, og dei har funne ut at sidan 1901 har fronten gått
tilbake ca 1 kilometer. I perioden 1993-2003 har tilbakegangen vore
60 meter. Viss du vil lese meir om dette trykk på linken nedst
på sida. Då vil du også få sjå eit flyfoto
av breen. Link
til NVE sine målingar på Hellstugubreen
Vi kjem inn på breen 1460 meter over havet. I den nederste
delen vil vi normalt gå i eit ganske oppsprukke område.
Her finn vi tårn og sprekker, og oppe til høgre heng ein
liten bre. Vel gjennom det oppsprukne området flater det ut på
omlag 1800 meter. Her er dalen trang med svært bratte fjellsider
som gjev eit mektig inntrykk. Hellstugubreahesten og Hellstugutindane
er flottast frå denne sida.
Vel oppe på høgastepunktet er vi nesten
2000 meter over havet. Her vil det bli høve til topptur på
ein av Memurutindane i lunsjen viss veret er godt.