Viss du blir med på vår breføring kan du være
trygg på to ting.
Det første er at førarane våre er utdanna for
aktiviteten i samsvar med Norsk Fjellsportforum sin standard (www.fjellsportforum.no).
Dermed er du trygg på at dei har gjennomgått grundig opplæring
og kan faget sitt. Dei vil sjølvsagt dele sin kunnskap slik at du kan lære noko på turen.
Det andre er at dei er lokalkjende. Dermed får du vite kva toppar
du ser rundt deg, korleis breføring og annan ferdsle var i gamal
tid og korleis breen har minka og vakse. Du får også tips
til eigne turar.
Føraren vil dermed passe på både tryggleiken og
trivselen.
Viss du klikkar på bileta til høgre får du vite
meir om førarane som skal gå denne sommaren.