![]() |
![]() |
![]() |
|
FRÅ GJENDEBU FRÅ MEMURUBU Bestilling/Info Pris
& dato (Breføring) |
2 tindar og ein isbre- Svartdalsbreen - Langedalstind - Mesmogtind
To av dei finaste toppane i Gjendealpane kan bestigast på denne rundturen. I tillegg får du med deg ein tur opp Svartdalsbreen. Vi startar frå Gjendebu og går opp Svartdalen. Deretter går turen opp Svartdalsbreen til skaret mellom Langedalstind (2206 moh) og Mesmogtind (2264 moh). Mesmogtind (2264 moh) står først på lista. Det er litt bratt, men veldig fin klyving. Føraren veit kor det er best å gå slik at ein er trygg heile vegen. Frå toppen er det flott utsikt i alle retningar. Vel nede frå Mesmogtind følgjer vi ryggen mot Langedalstind (2206 moh). Oppstigninga er relativt enkel når vi rundar toppen i sør. Deretter går vi ned i skaret mellom Langedalstind og Søre Svartdalspiggen (2065 moh). Frå skaret går vi ned Svartdalsbreen igjen, men langs ei anna rute enn vi gjekk opp. Breutstyr er inkludert på denne turen. Fullt breutstyr vil seie stegjern (12 tagger), kroppssele og tau. Føraren har sikringsutstyr i tillegg. Denne turen har vore vår mest populære tur i tre år på rad. Biletet øvst i midten viser frå venstre Mesmogtind, Langedalstind, Store og Nørdre Svartdalspiggen. Øvste del av Svartdalsbreen ligg framfor Langedalstind. I høgre marg finn du kart og nokre fleire bilete. Klikk på dei for å forstørre dei.
Trykk her og få tilsendt vår brosjyre på epost eller i posten !
|
|
- BREOPPLEVING
DA - |
- Postboks 246 - 6821 Sandane - telefon 5787 0500 - |
- mail: post@bre.no - |