Breinstruktørkurs 2017-09-06T20:23:45+00:00

Breinstruktørkurs

 Nasjonalt godkjent breinstruktør og breførar

Viss du likar deg på breen og i fjellet kan du utdanne deg til breinstruktør. Då får du nasjonal godkjenning som instruktør og breførar. Breoppleving treng kvart år nye instruktørar og førarar.

Kan du tenke deg ein betre jobb?

Del 1: Metodekurs

Det første kurset du må ta er metodekurset. Dette kurset tek fire dagar. Her får du lært litt om alle dei metodar du må kunne for å være instruktør. Kurset fokuserer på godt læringsmiljø og personleg tilbakemelding.

Du kan ikkje stryke på dette kurset, men får i staden eit vurderingsskjema der det står kva du må øve meir på fram mot veilederkurset. Nokre får klarsignal for å ta veilederkurset same året, andre blir oppfordra til å vente og øve meir.

Del 2: Praksis

Etter metodekurset må du ha praksis på eit brekurs i ei veke. Denne praksisen kan du ta hos Breoppleving eller hos ein annan arrangør. Vi har kurs heile sommaren så alle som ønsker praksis får det, og utan at det kostar noko.

Praksisen går ut på at du skal være med som instruktørassistent. Du får observere korleis erfarne instruktørar legg opp eit kurs, samt prøve deg litt under rettleiing.

Del 3: Veilederkurs

Etter at du har gjennomført praksisen og har øvd på det du fekk tilbakemelding om på metodekurset kan du søke opptak på veilederkurset.

På veilederkurset må du vise at du har solid kunnskap innan dei metodar og emner som var tema på metodekurset. I tillegg får du prøve deg som instruktør i situasjonar frå eit tenkt brekurs.

Til slutt får du ei personleg vurdering, samt bestått eller ikkje bestått. Viss du består er du godkjent som breinstruktør og breførar.

Opptakskrav

Opptakskrava er spesifisert i Nasjonal Standard som du finn på www.fjellsportforum.no. I korte trekk må du ha minst ti dagar med sjølvstendig erfaring frå ulike typar breturar etter brekurset.

Sjølvstendig betyr at du har vore med på vegval og sikring og gått først ein del av turen. Ulike typar breturar betyr at du har vore på ulike brear eller brefall, gått i blåis, på snødekt bre (med tau om sommaren), og helst gått opp brefall og andre lange turar.

Normalt må du ha meir enn ti dagar for å kome inn. Du må også ha variert erfaring frå friluftsliv, og det er ei styrke om du også klatrar.

Påmelding

For å delta på våre kurs må du sende søknad om førehandsgodkjenning til Norsk Fjellsportforum. Når dei har godkjent så kan du delta på metodekurs. Du må ha ei ny førehandsgodkjenning for å få være med på veilederkurs. Hugs å være ute i god tid, minst fire veker før kurset startar.

Meld deg gjerne på i vår nettbutikk mens du ventar på førehandsgodkjenning.

Vil du vite meir?
Gå til dokumentsida og sjå detaljert program og utstyrsliste.
Når har vi kurs?
Sjå oversikt på datoar og prisar.
Vil du melde deg på?
Gå til vår nettbutikk www.breoppleving.no.