NF-godkjenning 2016-11-09T16:33:24+00:00

Breoppleving – godkjent av Norsk Fjellsportforum

Ein garanti for høg kvalitet

Breoppleving har sidan 1997 vore godkjent arrangør i NF. Det betyr at vi følgjer eit godkjent kursopplegg og at våre instruktørar og kursleiarar er utdanna og godkjende i NF.

Sidan sesongen 2002 har Breoppleving vore godkjent på høgaste nivå slik at vi også kan utdanne breinstruktørar.

I tråd med NF sin formålsparagraf legg vi vekt på naturvenleg og sikker ferdsel i naturen.

Norsk Fjellsportforum (NF) har gitt ut og vedlikeheld ‘Nasjonal standard’ for kursarrangørar, instruktørar og førarar i fjellsport.

Gjennom standarden og godkjenninga av arrangørar arbeider NF for å auke tryggleiken og kompetansen innan fjellsport i Noreg.

Du kan få vite meir om NF sitt arbeid ved å gå inn på nettsida www.fjellsportforum.no.