Fjellsportkurs 2017-09-06T18:40:28+00:00

Fjellsportkurs – opplev bre og klatring

På eit fjellsportkurs får du klatre i fjellet i tre dagar og gå på breen i to dagar. Dette gjev deg store opplevingar på kort tid. Og fokus er meir på oppleving enn på øving.

Viss du heller vil lære klatring eller brevandring ordentlig så bør du velge brekurs eller klatrekurs.

Kursinnhald

På eit Fjellsportkurs kombinerer ein klatring på bre og fjell.  Mange av teknikkane og mykje av utstyret er det same på bre og fjell. Eit fjellsportkurs viser desse samanhengane og lærer deltakarane kva som krevst for sikker ferdsle i på bre og i bratt fjell.

Opplevinga står i sentrum på dette kurset, og du får prøve varierte aktivitetar knytt til klatring på is og fjell.

Viss du vil lære brevandring og fjellklatring så grundig at du kan drive med det sjølv bør du velge brekurs og klatrekurs.

Kursstadar

Smørstabbreen

Første del av kurset foregår på Smørstabbreen. Her vil vi bruke ein dag i isen og ein dag på snødekt bre slik at du får ei innføring i begge deler.

Hurrungane og Smørstabbtindane

Andre del av kurset begynner med ein dag i klatrefelt, enten ved Turtagrø eller i Lom. Deretter er det to dagar med klatring i Hurrungane eller på Smørstabbtindane.

Temaliste

Følgande vert gjennomført i praksis:
  • Gange i lett og vanskelig is, utan tau
  • Vandring i lett og vanskelig is, med tau
  • Sikringsteknikk i taulag
  • Redning (Lose Rolle)
  • Klatring og rapell på bre og fjell
  • Topptauklatring i klatrefelt
  • Sikring i fjell
  • Klatring i høgfjellet på naturlege sikringar
  • Klatring av ruter på minst 3 taulengder

Følgande vert gjennomgått om kvelden:

  • Brelære
  • Redningsteknikkar på bre og fjell
  • Alpine farer
  • Knutar og taubruk
  • Sikringsteknikk på bre og fjell
  • Utstyr
Vil du vite meir?
Gå til dokumentsida og sjå detaljert program og utstyrsliste.
Når har vi kurs?
Sjå oversikt på datoar og prisar.
Vil du melde deg på?
Gå til vår nettbutikk www.breoppleving.no.

Kursprogram

MÅNDAG

Vi møtest kl 19 og brukar litt tid på å sette opp teltleiren. Den ligg omlag ti minutt frå vegen.

Etterpå blir det samling og ei presentasjonsrunde. Deretter ser vi på utstyr og øver på knutar. Instruktørane vil også fortelle om opplegget og kva vi skal gå gjennom neste dag.

TYSDAG

Denne dagen brukar vi på Smørstabbreen. Vi øver oss på innknyting i taulag, gangteknikkar med og utan tau og sikring av taulaget. Deltakarane får sjølve leie taulaget og plassere sikringane.

På slutten av dagen lagar vi ein standplass og klatrar litt på topptau. 

ONSDAG

Også denne dagen vert på Smørstabbreen.

No skal vi øve på sikring i overgangen mellom snø og is og gå gjennom eit par kameratredningar på snø.

Om kvelden førbur vi klatredelen av kurset.

TORSDAG

Denne dagen brukar vi i eit klatrefelt. Vi reiser enten til Tronoberget i Lom eller til Turtagrø.

Vi byrjar med å klatre på topptau for å lære å bruke utstyret og øve klatreteknikk, taulagsrutiner og kommunikasjon. Til slutt er vi innom rappell.

FREDAG

Vi planlegg ein klatretur til Saksa via Bjørnebreen (2189 moh) slik at vi får kombinert brevandring og klatring, eller eit turmål i Hurrungane som Store Austabotntind (2204 moh).

Ønske frå deltakarane, samt ver og forhold i fjellet vil avgjere valet.

LAURDAG

Denne dagen kan vi ein nyt topptur med klatring eller vi kan ta ein dag i klatrefelt.

Viss vi fer i klatrefelt kan vi ta opp tema som plassering av sikringsmidler, bygge standplassar med rapell frå den, eller de kan få prøve å sette sikringar på led, under vegleiing frå instruktør (i eige tau ved sidan av).

SØNDAG

Søndagen har eit kort program: Vi pakkar saman og reiser heim.