GROTTETUR
Vi kan love ein mørk og våt tur når du er oss i ei grotte. Men vi kan også love ei unik naturoppleving med varme kle og ei lykt som hjelp.

Du veit aldri kva som ventar fordi du berre ser så langt lyset frå lykta rekk. Men rekn med at du må krype gjennom trange passasjar, sikrast med tau og firast ned bratte heng.

Ein grottetur er ei oppleving alle kan bli med på.


I Bøverdalen ved Jotunheimen er nokre av dei finaste grottene i landet lett tilgjengeleg. Kombiner gjerne ein grottetur med brevandring, tindebestigning eller klatring.

Nær Bodø er kan hende dei flottaste grottene vi har. Her kan du gå i grotter i dagesvis og stadig finne noko nytt.

På Svalbard kan ein gå i grotter inne i breen. Sidan breane ligg i ro lagar smeltevatnet flotte grotter i blå is.

Bli med oss inn i fjellet eller breen.

Meir informasjon eller uforpliktande tilbod Tilbake til hovudsida