Filters Sort results
Reset Apply














INSTRUKTØRKURS
kr 5 935-kr 7 500














VIDAREGÅANDE BREKURS
kr 8 000-kr 9 000


Breoppleving – kurs og føring sidan 1994

Breoppleving tok til med brekurs for studentar sommaren 1994. Brekursa har vi arrangert sidan den tid, både på Smørstabreen og i Bødalen. I 2011 måtte vi slutte med brekurs i Bødalen fordi breen minka, og har no flytta dei kursa til Flatbreen.

I 1995 starta vi opp føring på Briksdalsbreen i samarbeid med Briksdal Breføring, noko vi heldt på med fram til føringa på Briksdalsbreen måtte stenge i 2003 fordi breen minka kraftig.

I 1997 starta vi opp med klatrekurs i Lom og Hurrungane, og desse kursa går framleis kvar sommar. Det året starta vi også opp med Jostedalsbreen på langs på ski, ein svært populær tur som går i mai kvart år.

Vi har også drive med føring i Bødalen, ved Gjendebu og mellom Spiterstulen og Memurubu, i tillegg til føring for private grupper frå Lyngen i nord til Mount Kenya i sør.

Sidan 1997 har Breoppleving vore godkjent i Norsk Fjellsportforum, den høgste godkjenninga i Norge for arrangørar av bre- og klatrekurs. I 2002 fekk vi også godkjenning til å utdanne breinstruktørar.

Dei siste åra har vi arrangert metodekurs bre i Jostedalen i samarbeid med Jostedalen Breførarlag, og veilederkurs bre på Flatbrehytta.

Breoppleving er i dag landets største private arrangør av brekurs med kurs kvar veke heile saommaren. Vi har også mange klatrekurs og turar på langs av Jostedalsbreen. I tillegg held vi ein god del private kurs for grupper og firma.

Breoppleving har adresse på Sandane i Gloppen kommune i Sogn og Fjordane. Vi tilbyr i hovudsak turar og kurs på Jostedalsbreen og i Jotunheimen.