Brekurs oversikt 2017-06-25T15:56:55+00:00

Kva for type brekurs vil du ha?

BREKURS

Dette er det originale brekurset som varer i ei veke og vårt klart mest populære brekurs. Det er eit grunnkurs så alle kan være med. Etter kurset har du lært alt du treng for å gå på isbre utan førar. Viktige tema er vegval, sikring, redning, orientering, snøbakketeknikk, klatring og rapell.

Les meir om brekurs

MINI-BREKURS

Det er to typar minibrekurs, eit på is og eit på snø. Viss du har begge så har du same kunnskap som på eit brekurs. Kurset på is dreier seg om vandring, sikring, redning på is, klatring og rapell. Minibrekurs snø dreier seg om orientering, snøbakketeknikk, sikring, vegval og redning på snø.

Les meir om minibrekurs

VIDAREGÅANDE BREKURS

Viss du har teke eit brekurs og vil lære meir så er dette kurset for deg. Her går vi i vanskeligare is, lærer meir avansert redning og har ein tur med overnatting oppe på breen. Etter dette kan du mykje om bre.

Les meir om vidaregåande brekurs

BREKURS FOR KLATRARAR

Viss du kan klatring så kan du knuter og kjenner det meste av utstyret ein brukar på bre. Då kan du ta brekurs for klatrarar. Innhaldet er det same som på eit brekurs, men på kortare tid.

Les meir om brekurs for klatrarar

INSTRUKTØRKURS

Viss du har gått mykje på isbre og driv allsidig friluftsliv så kan du ta instruktørutdanning. Det første du må ta er metodekurs, deretter praksis og til slutt veilederkurs. Når alt er bestått har du fått ei nasjonal godkjenning som breinstruktør og breførar gjennom Norsk Fjellsportforum.

Les meir om instruktørutdanning

Kvifor bør du velge våre brekurs?

SPENNANDE

Uansett om du har gått på bre før eller ikkje så vil du oppleve isen, sprekkene og formasjonane som storslåtte og spennande. Og fargane – nyanser i blått og kvitt som skifter med veret.

LÆRERIKT

På eit brekurs lærer du alt du treng for å gå på bre utan førar. Du lærer vandring, sikring, redning, orientering på bre, snøbakketeknikk og litt klatring. Etterpå meistrer du noko nytt.

SOSIALT

På eit brekurs møter du andre friluftsfolk og får nye venner med same interessa for fjellet som du har. Sjølv om dagane er fylt med øving og læring, så er det god tid til å bli kjent med kvarandre.

ERFARING

Breoppleving har arrangert brekurs sidan 1994. Både vi og våre instruktørar er godkjende i Norsk Fjellsportforum. Du kan være trygg på at kursa våre held høg kvalitet.